Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til innhald
Wikipediadet frie oppslagsverket
Søk

Ålesund kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålesund kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeMøre og Romsdal
Adm.senterÅlesund
Areal371,34 km²
  land353,38 km²
  vatn17,96 km²
Folketal59 198 (1. januar 2025)
Målformnynorsk[1]
OrdførarHåkon Lykkebø Strand[2](Frp)(2024)
Kommunenr.1508
Kart
Ålesund kommune
62°28′16″N6°09′15″E /62.471238888889°N 6.1542388888889°E /62.471238888889; 6.1542388888889
Kart som viser Ålesund kommune.
Kart som viser Ålesund kommune.
Kart som viser Ålesund kommune.
Wikimedia Commons:Ålesund
Nettstad:www.alesund.kommune.no

Ålesund er einkommuneSunnmøre iMøre og Romsdal. ByenÅlesund er i dag regionssenter for heileSunnmøre, han er kjend for sine mange bygningar ijugendstil, bygde i attreisinga etter bybrannen i 1904. Ålesund kommune fekk sine noverande grenser etterkommunereforma 2020 då dei tidlegare kommunane Ålesund,Ørskog,Skodje,Haram og det meste avSandøy kommune blei slåtte saman til nye Ålesund kommune.[3]

Frå 1. januar 2024 vart Ålesund kommune delt, og Haram vart uskild som eigen kommune.

Heile landarealet inkludertinnsjøar er no ca. 632 km²., meir enn det femdoble av arealet før år 2020, av dette er i dag 41 km²jordbruksareal.[4]

Ålesund ligg ytst ved fjordsystema på Sunnmøre og inkluderer øyaneHessa i vest,Aspøya ogNørvøya i midten, og halvdelen avOksnøya i aust. I nord liggEllingsøya åtskilt frå dei førstnemnde øyane vedEllingsøyfjorden, men det er tunnelsamband under fjorden frå byen. Hamna i Ålesund er stoppestad forHurtigruta og tek òg imotferjer og lasteskip frå mellom annaHamburg,Newcastle ogKingston upon Hull.

Byen ligg nær både rikefiskebankar og kystleia mellom nord og sør, og har lenge vore ei viktig fiskehamn. I1824 vart han eksportsenter forklippfisk tilSpania, noko som førte til stor vekst og bystatus i1848. På 1950- og 60-talet var Ålesund ei av dei viktigastesildehamnene i verda.

Andre industriar som har vore viktige for byen erskipsbyggjing ogtrikotasje.

Historiske hendingar

[endre |endre wikiteksten]

Ålesund vert først nemnd i skriftlege kjelder på 1500-talet, då handelsmenn fråBergen busette seg ved sundet mellom Aspøya og Nørvøya.

23. januar1904 vart Ålesund ramma av ein brann. Brannen starta på Aspøya, iAalesund Preserving Co.s fabrikk, som låg der Nedre Strandgate 39 ligg i dag. Brannen slutta like vestanfor det som i dag blir kalla Brusdalshagen, det vil seie Borgundvegen 39. Det siste og austlegaste huset som brann, stod der Borgundvegen 37 står i dag. Totalt gjekk det med om lag 850 hus, og berre om lag 230 hus stod att innanfor bygrensene. Berre ein person omkom under brannen.

Rikeleg med hjelp kom til Ålesund frå fjernt og nært iNoreg og i utlandet. Men mykje av den gode hjelpa vart fullstendig overskugga av detTyskland iKeisar Wilhelm II sitt namn sendte nordover. Keisaren hadde vore mykje på ferie i Sunnmøre, og no sørgde han for at fire skip lasta med materiale vart send for å hjelpa byen til å reisa seg att. Attoppbygginga kom i gang for fullt utpå hausten1904. Allereie tre år etter, i1907, var mesteparten av den utbrende bykjerna attreist.

Treng oppdatering Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom åoppdatere han.
Ålesund
Ålesund føre bybrannen

Kultur

[endre |endre wikiteksten]

Ålesund heldfestivalar året gjennom, nokre av dei største inkluderer:

Verd å vitja

[endre |endre wikiteksten]

Venskapsbyar

[endre |endre wikiteksten]

Kjende folk frå Ålesund kommune

[endre |endre wikiteksten]

Frå tidlegare Ålesund kommune

[endre |endre wikiteksten]

Frå tidlegare Haram kommune

[endre |endre wikiteksten]

Frå tidlegare Skodje kommune

[endre |endre wikiteksten]

Frå tidlegare Ørskog kommune

[endre |endre wikiteksten]

Frå tidlegare Sandøy kommune

[endre |endre wikiteksten]

Anna

[endre |endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre |endre wikiteksten]

Kjelder

[endre |endre wikiteksten]
  1. Knapt fleirtal for nynorsk i Ålesund. framtida.no (13. desember 2019)
  2. Ålesund kommune Ordførar og varaordførar
  3. «Endringer i de regionale inndelingene». Statistisk sentralbyrå. 17. januar 2020. Henta 7. mars 2020. 
  4. «Arealstatistikk for Norge». Kartverket. 20. desember 2019. Henta 7. mars 2020. 
Aukra Aure Averøy Fjord Giske Gjemnes Haram Hareid Herøy Hustadvika Kristiansund Molde Rauma Sande Smøla Stranda Sula Sunndal Surnadal Sykkylven Tingvoll Ulstein Vanylven Vestnes Volda Ørsta Ålesund
Møre og Romsdal fylke
Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Ålesund_kommune&oldid=3540337»
Kategoriar:
Gøymde kategoriar:

[8]ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp