Halldis Moren Vesaas
Faktaboks
- Fødd
- 18. november 1907, Trysil, Hedmark
- Død
- 8. september 1995, Oslo
- Verke
- Forfattar


Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas
Halldis Moren Vesaas er rekna som ein av Noregs fremste kvinnelege lyrikarar og presenterte eit sterkt kvinneleg subjekt i lyrikken. Formspråket hennar er lettfatteleg, og det var nok ein av grunnane til at ho klarte å halde på posisjonen som lesaranes diktar i 40 år utan å gje ut ny diktsamling. I desse åra redigerte ho antologiar og gjendikta skodespel.
Innhaldet i artikkelen er ikkje oppdatert sidan 2005.
SjåStore norske leksikon: Halldis Moren Vesaas for oppdatert informasjon.
Barndomsheimen var i romsleg, austnorsk bondemiljø – med sterk norskdomsorientering og ei positiv livsinnstilling som ho bar med seg heile livet. Litteratur hadde ein viktig plass på Moragarden, og Halldis skreiv soger i Norsk Barneblad frå ho var 9 år gamal.
Det var eigenleg ikkje hennar veg å bli lærar, men vidare allmennutdanning fekk ho gjennom tre år på Elverum lærarskule, der ho tok eksamen 1928. Etter det var ho kontordame i Oslo Fylkeslag, som hadde kontor på Heim for landsungdom i Nordahl Bruns gate. Der var ho med i miljøet av unge målar- og diktarspirer som Kai Fjell, broren Torleiv Moren, Åsmund Sveen o.fl. Neste post var i Sveits, der ho 1930–33 var sekretær hjå ein norsk visekonsul. Då lærte ho fransk grundig og fekk kontakt med eit breitt kulturmiljø, som inspirerte henne til å arbeide med europeisk litteratur. Lærarpraksis blei det berre 1941–43, då ho vikarierte i folkeskulen i Vinje. Etter krigen var ho også ei tid formann i Vinje skulestyre.
Lyrikkdebuten 1929,Harpe og dolk, var ei bok om livsglede og ein merkjestein i norsk litteratur. Vel hadde Sigrid Undset, Eugenia Kielland o.fl. gjeve ut diktbøker før henne, men primært var dei ikkje lyrikarar. Når ho har vore kalla vår fyrste kvinnelege lyrikar, er det også for di det var ei tydeleg kvinne som stod fram, opnare og mjukare enn dei andre, og ho formidlar felleskvinnelege røynsler. Særleg for kjærleikslyrikken hadde menn tidlegare laga eit mønster der kvinnene alltid var objektet. Så kjem Vesaas med noko nytt: Det var dikt om kvinner som elskande subjekt, om utvikling til fri kvinne og eiga identitetskjensle. Men ho møtte også kritikk for dette; slik skulle ikkje kvinner skrive. Det var klart over streken at ei kvinne byr seg fram: “Eg har lagt fela fram til deg, for eg veit du vil ha henne straks du kjem” (Åleine). Kanskje verre var det òg at ho skreiv dikt om å få menstruasjon (Ny kvinne).
DiktbokaMorgonen kom året etter og var også ei lovprising til livet, men denne vitnar ikkje om noka utvikling i forfattarskapen. Sjølv var ho seinare så misnøgd med nokre av desse dikta at ho ikkje ville dei skulle framførast. Men iStrender (1933) er ho meir mogen og intens, og kjærleiksdikta når nye høgder.
ILykkelege hender (1936) er fleire sider ved morsrolla og husarbeidet poetiske. Lykka og harmonien er sterkt til stades, og ho hyllar den lykka som er der, i staden for å skildre lykkelengten. Her er lyriske folkelivsskildringar med fødsel – liv – vokster og død, alt som representerer ein lykkeleg samanheng i ætta; til og med døden er framstilt som noko sælt.
Naturleg nok har krigstida sett merket sitt påTung tids tale (1945) med mange mørke klangar. Likevel er ikkje Vesaas' krigsdikt patriotiske kampsongar, men ho hyllar solidaritet og menneskeleg varme.
Halldis Moren Vesaas skriv i essaysamlingaSett og levd (1967) at ho har hatt tre hovudforankringar i livet: menneske – bøkene – naturen, og alle er fullt likeverdige for henne. Treet som symbol brukte ho i mange samanhengar, og sjølv om ho skildrar naturen på mange vis, er det ikkje hennar meining atTreet (1947) ogI ein annan skog (1955) skal relaterast til naturproblematikk. I desse bøkene er ho meir resignert og har ein større distanse til livsbrusen frå ungdomstida. Etter krigen var modernismen rådande i det litterære feltet, og Halldis Moren Vesaas var vel kjend med denne retninga. Men det er berre ein aukande tendens til rimfrie dikt som kan minne om modernisme.
BarnebøkeneDu får gjera det du (1935) ogDen grøne hatten (1938) er små utviklingsromanar frå patriarkalsk landsmiljø og utan sosial kritikk. Desse er ikkje mykje påakta, men ungdomsromanenTidleg på våren (1949) har kome i mange opplag, er omsett til fleire språk og førte til at ho fekk Kyrkjedepartementets pris for beste barnebok. I den boka opna ho nye vegar i barne- og ungdomslitteraturen, sidan ho skildrar foreldre som sviktar.
Sakprosa har ho også meistra vel. Ho har fått mange godord for biografien om far sin,Sven Moren og heimen hans (1951). Dagleglivet i heimen er det sentrale, men ho skriv også om korleis diktinga hans voks fram av det livet dei levde. Seinare blei det to personlege minnebøker om samlivet med Tarjei Vesaas:I Midtbøs bakkar (1974) ogBåten om dagen (1976). Ein kunne då vone på nyklar til Tarjeis symboldikting, men det var så absolutt ikkje hennar intensjon – ho ville berre fortelje frå samlivet.
I etterkrigstida hadde Halldis Moren Vesaas to viktige oppdragsgjevarar, Det Norske Samlaget og Det Norske Teatret. Hjå dei fekk ho oppgåva å gjendikte dei store klassikarane. ShakespearesRomeo og Julie og RacinesFedra er to av høgdepunkta, for den siste fekk ho også Bastianprisen.
Som kvinne, distriktsmenneske og nynorskbrukar kunne Halldis Moren Vesaas stette mange krav til samansettinga av råd og utval. Ho var medlem av Norsk Språknemnd 1952–67 og hadde stor vørdnad for fagfolka der. Men etter at dei hadde sagt sitt, følte ho det var lite som kunne endrast. Ho var òg medlem av styret for Riksteatret 1949–69 og med i Norsk Kulturråd 1965–73, samt ei tid medlem av Norsk Teaterråd, Kringkastingsrådet og forfattarforeningens litterære råd. I desse verva fekk ho god bruk for dei allmenne kulturkunnskapane sine. Særleg arbeidde ho for gode vilkår for nynorsk litteratur.
Halldis Moren Vesaas fekk mange prisar og blei 1984 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for mangesidig litterært virke.
Giftarmålet med Tarjei Vesaas var for henne inspirerande på mange måtar. Det var merkt av sterke kjensler og band til kvarandre, men det var også tider då dei ville vere kvar for seg. Kjønsrollene i heimen var nok slik som elles i den tida, men båe tok avstand frå innhaldet i brevet frå ein ven etter bryllaupet: “Halldis må kanskje gi opp si eiga skriving no, og berre la sitt flyte inn i ditt?”
Mange år etter Tarjeis død fekk Halldis Moren Vesaas ei fin tid saman med kjærasten, skodespelaren Gisle Straume. Det vart rom for nye kjærleiksdikt og ei ny diktbok,Livshus (1995). Denne boka er likevel mest eit attersyn på livet.
Verker
- Harpe og dolk, 1929
- Morgonen, 1930
- Strender, 1933
- Lykkelege hender, 1936
- Tung tids tale, 1945
- Treet, 1947
- I ein annan skog, 1955
- Livshus, 1995
Lyrikk
- Du får gjera det du, 1935
- Den grøne hatten, 1938
- Hildegunn, 1942
- Tidleg på våren, 1949
Barne- og ungdomsbøker
- Sven Moren og heimen hans, erindringar, 1951
- Sett og levd, essays, 1967
- I Midtbøs bakkar, erindringar, 1974
- Båten om dagen, erindringar, 1976
- Så nær deg, noveller, 1987
- Konkylie, dikt med tone av Hans Fr. Jacobsen og Tone Hulbækmo, framført av T. Hulbækmo, CD, 1995
Anna
- Fullstendig bibliografi iHalldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen, 1987
Kilder og litteratur
- M. B. Waagaard: “Halldis Moren Vesaas”, iNLÅ 1966, s. 18–43
- J. Homme: “40 år i tenesta til den norske litteraturen”, iÅrbok for Telemark, Skien 1969, s. 8–16
- B. Killingbergtrø: “Menneske og samfunn. Tre barnebøker av Halldis Moren Vesaas”, iNLÅ 1970, s. 119–129
- O. Dalgard: biografi iNBL1, bd. 17, 1975
- S. Skard: “Halldis Moren Vesaas sytti år”, iSogS 1977, s. 451–462
- M. B. Waagaard: “Forfattaren Halldis Moren Vesaas”, sst., s. 463–475
- Halldis Moren Vesaas. Festskrift til 80-årsdagen, 1987
- HEH 1994
- O. Hageberg:På spor etter meining, 1994, s. 94–99
- O. Karlsen (red.):Klarøygd, med rolege drag. Om Halldis Moren Vesaas' forfatterskap, 1996
Portretter m.m.
- Byste (hode, gips) av Hjalmar Hansen, 1970; p.e. på Midtbø, Vinje; (bronse) i Aschehoug forlag, Oslo
- Teikning (brystbilete) av Wenche Øyen, 1986; Aschehoug forlag
- Måleri (halvfigur) av Gösta Lovén, 1993; Aschehoug forlag
Kunstnarlege portrett
- Fotografi av Morten Krogvold, 1983