Bygdebok
Bygdebok er ei fellesnemning for historiebøker som er skrivne om og for bestemtelokalsamfunn, ei bygd, ein kommune eller delar av ein kommune. Nemninga blir i dag mest brukt om dei to sjangranegards- og slektshistorie oggenerell bygdehistorie.
I visse samanhengar inkluderer omgrepet i tillegg ogsåbyhistorie og jamveldistrikts-/regionalhistorie. Omgrepet «bybok» vart tidleg forsøkt innført som ein parallell til bygdeboka. ILorens BergsArbeidsveiledning i lokalhistoriske undersøkelser frå1914 er det eigne avsnitt som omhandlar «bybøker». Og første band avTønsbergs historie var t.d. utgjeve av «Tønsberg bybokkomité» (1928). Trass dette synest «bybok» ikkje å ha slått gjennom som eiga sjangernemning, men ein ser stundom omgrepet innbaka i samlenemninga «by- og bygdebøker».
Tradisjonelt har «bygdebok» tydd bokverk, gjerne i mange band, som i tillegg til gards-, slekts- og allmennhistorisk stoff også inneheld utgreiingar om til dømes geologien i området, flora og fauna, målføre, stadnamn, folkeminne og andre emne knytte til bygda. Ambisjonen har vore å samle heimstadlæra i mest mogleg uttømande og helst litt monumental form.
Denne typen historieskriving vart for alvor etablert frå byrjinga av 1900-talet, i eit nært samarbeid mellom faghistorikarar somOscar Albert Johnsen,Yngvar Nielsen ogEdvard Bull d.e. på den eine sida, og dyktige amatørar somLorens Berg,Ivar Kleiven ogJacob Aaland på den andre. I1906 vart det på initiativ avDen norske historiske forening utarbeidd ein storstila plan for bygdebokarbeid, som la mønster for ei systematisk utarbeiding av både gards- og slektshistorie, by-, bygde- og regionshistorie.
I dei følgjande åra vart det arrangert ei rekkje kurs, og rettleiingslitteratur vart utgjeve. Viktige døme er Lorens BergsArbeidsveiledning i lokalhistoriske undersøkelser (1914) og Edv. Bull d.e. sitt foredrag «Bygdehistoriens oppgaver». Det siste vart framført på bygdehistoriske kurs iBergen1918,Hamar ogKristiansand1919, og seinare trykt fleire stader.
Frå1922 fekk lokalhistoria eit fagleg forum i tidsskriftetHeimen, som vart utgjeve av Landslaget for bygde- og byhistorie, skipa to år tidlegare. Ei av hovudoppgåvene for både organisasjonen og tidsskriftet var nettopp å fremje arbeidet med gode bygdebøker. Organisasjonen endra i1982 namn tilLandslaget for lokalhistorie.
På Landslagets initiativ oppretta Stortinget i1955Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), eit statleg organ som på permanent basis kunne halde fram det faglege rettleiingsarbeidet innan den bygde-, by- og regionshistoriske verksemda.