
vindkraft

Vindturbinen fangar opp vinden som skal bli til elektrisitet
Vindkraft erelektrisk straum som blir laga frå energien i vind. Vind er eifornybar energikjelde.
Menneska har brukt vind som energikjelde i fleire tusen år. Seglskip brukar vind til å bevege seg, og vindmøller bruker vind til å malekorn.
Vindkraftverk

Fosen Vind er eit stort anlegg på land i Trøndelag, med til saman 277 vindturbinar. Det er seks vindkraftverk, og alle opna i 2021.
Vindenergi kan brukast til å produsere elektrisitet. Det skjer i eitvindkraftverk. Eit vindkraftverk består av fleire delar. Den mest synlege delen er einvindturbin som fangar opp vinden. Vindturbinen liknar på ein propell og sit på toppen av eit tårn.
Vinden får turbinen til å gå rundt. Turbinen er kopla til ein elektriskgenerator, som gjer vindenergien om til elektrisitet.
Ofte blir det bygd fleire vindturbinar i eit område. Når desse vindturbinane blir kopla saman, kallar ein det einvindpark. I Noreg finst det vindparkar både på land og til havs.
Eit vindkraftverk kan ikkje produsere elektrisitet når det er vindstille. Det kan heller ikkje brukast når det blæs for mykje.
Vindkraft og miljø
Vindkraft bidreg ikkje til klimaendringar ogforureinar lite. Mange land vil derfor byggje ut vindkraft. Men vindparkar tek mykje plass, noko som kan øydeleggje naturen og forstyrre dyra som bur der. Vindturbinar lagar støy og kan drepe fugl. Det er derfor mange som protesterer mot vindkraft.
Les meir i Vesle norske leksikon
Faktasjekk av
