
sushi

Sushi har ofte rå fisk og fiskerogn. På bildet er det ris med laks og annen rå fisk, det kalles nigiri. Bak nigiriene er det ris rullet i tørket tang, og toppet med blant annet rogn.
Sushi er ein japansk matrett med kokt ris, bitar av råfisk oggrønsaker ogskaldyr. Risen er smakt til med eddik,sukker og salt. Sushi blir servert kald og i bitar. Det kan til dømes vere ein liten, avlang ball av ris, med eit stykke rå fisk oppå.
Ved sidan av har ein ofte soyasaus, sylta ingefær og ein krem laga av japansk peparrot. Peparrotkremen heiterwasabi.
Sushi har blitt svært populært over heile verda. Før var dette enkel mat som blei selt frå buer på gata, såkallastreetfood. Då åt ein det med fingrane, og ikkje med spisepinnar.
Vanlege fiskar å bruke i sushi er tunfisk,laks ogkveite. Kvart år blir det selt fleire tusen tonn laks fråNoreg tilJapan, som blir til sushi.
Typer
På restaurantar som serverer sushi kan ein velje mellom ulike bitar. Ein populær sushi-type er ris som blir rulla rundt fisken saman mednori. Nori er tynne svarte plater laga av tørkatang. Når alt er rulla til ei pølse, skjer ein ho i bitar.
- Nigiri – ein avlang ball med ris, med fisk oppå
- Maki – ris, fisk og grønsaker rulla inn i nori
- Uramaki – det same som maki, men med nori innanfor risen
Det finst òg sushi medreker,kjøt elleregg, eller berregrønsaker, i staden for fisk.
Tynne skiver av rå fisk blir kallasashimi. Det er eigentleg ikkje sushi, for sushi skal ha med ris. Mange stader kan ein kjøpe sashimi saman med sushi.
Korleis ete sushi
Ein vanleg måte å ete sushi på er å dyppe han i ein liten bolle med soyasaus.
Wasabi smaker svært sterkt, så ein har berre litt på fiskebiten. Sylta ingefær smakar surt, søtt og sterkt på same tid. Når ein har ete éin bit sushi, kan ein ta éin bit ingefær. Då reinsar ein munnen for smaken som er att, frå den førre biten.
Sushireglar
Ein kan sjølvsagt ete sushi akkurat som ein sjølv vil. Men viss ein vil gjere det som i Japan, er det nokre reglar:
- Ein et sushi med fingrane, ikkje med spisepinnar
- Berre fiskebiten blir dyppa i soyasausen, ikkje risen
- Ein et sushien opp ned, slik at fisken blir lagd mot tunga
- Ein et sushien i éin bit
- Wasabi blir lagd på fisken, og ikkje blanda i soyasausen
Å bli sushikokk
Sushikokk er ein eigen typekokk. I Japan tek det lang tid å utdanne seg til det. Først går ein eitt år på skule, så er einlærling i fem eller seks år.
I mange år var det forbode for jenter i Japan å bli sushikokk. Det var diskriminerande mot kvinner. I dag er det lov, og i 2010 opna den første sushirestauranten i Japan som hadde kvinneleg eigar og kjøkkensjef.
Les meir i Vesle norske leksikon
- Skriven av:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar