
språk i Noreg

Mange stader i Noreg finst det skilt med samiske stadnamn. Sálášoaivi er det samiske namnet på fjellet som på norsk heiter Tromsdalstinden. Loavgavárri er det samiske namnet på fjellet Fløya.
Det er fleirespråk i Noreg, mennorsk er det største språket. I tillegg er det tresamiske språk, som blir brukte i delar av landet.
Noreg har òg fleire språk som blir brukt av mindre grupper, og som er anerkjende somnasjonale minoritetsspråk. Dette erteiknspråk,kvensk,romanes ogromani.
Norsk
Samisk
Samar har status somurfolk i Noreg. Samisk og norsk har formell status som likeverdige språk i Noreg.
Samisk er ikke eitt språk, men einspråkfamilie. I Noreg finst bådenordsamisk, lulesamisk ogsørsamisk. Nordsamisk er mest brukt. Det er òg nokre få som snakkarskoltesamisk,pitesamisk ogumesamisk.
Kvensk

Romani og romanés
Norsk teiknspråk

Frå 2009 har norskteiknspråk vore rekna som eit fullverdig språk i Noreg. Teiknspråk er språk som nyttar rørsler og teikn. Teiknspråka er ulike frå land til land. Omlag 4000 personar brukar norsk teiknspråk.
Andre språk i Noreg
Så langt tilbake i historia som ein kjenner til, har det kome innvandrarar til Noreg, som snakka andre språk. Det har mest vore frå dei andre skandinaviske landa, og fråTyskland ogStorbritannia. I dag finst det mange i Noreg som har eit anna morsmål. Det er til dømes språk somarabisk,polsk,somali,urdu,spansk ogukrainsk.
Historie
Frå midten av 1800-talet ønskte den norskestaten åfornorske fleire avminoritetane. Då prøvde dei å få minoritetane til å bli som nordmenn. Språka blei hardt undertrykt, og det var for eksempel ikkje lov til å snakke samisk på skulen. Færre og færre kunne både samisk, kvensk og romani.
Frå andre halvdel av 1900-talet har samane kjempa sterkt, for å ta tilbake kulturen og språket sitt. Mykje er gjort for å styrkje dei samiske språka. Likevel er dei framleis truga.
I 2005 fekkkvensk status som eit eiga språk i Noreg. Etter det har kvenske organisasjonar arbeidd for å lage eit eige kvensk skriftspråk.