Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no
El pais i et avisstativ
El Pais er den største avisa i Spania. Av/Shutterstock.Avgrensa gjenbruk

spansk

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske
Kart over spansk språk.

Land der spansk er offisielt språk er markerte med raudt. Land der spansk er offisielt språk, saman med eit anna språk, er markerte med gult.

Kart over spansk språk.
Av.
Lisens:CC BY NC 4.0

Spansk er eitspråk. Rundt 480 millionar menneske har spansk sommorsmål rundt om i verda. Språket blir òg kalla kastiljansk, som er namnet på den spanske dialekten standard spansk er basert på.

Spansk er eitt av seks offisielle språk iFN.

Tilhøyrande emnesider

Tema:
Språk

Utbreiing

Døme på spansk språk. Omsett står det: Eg heiter Sofia. Eg bur i Spania. Eg snakkar spansk.
Døme på spansk språk. Omsett står det: Eg heiter Sofia. Eg bur i Spania. Eg snakkar spansk.
Lisens:CC BY SA 3.0

Spansk er det einaste offisielle språket iSpania, i tillegg til

Dei fleste av desse landa var spanskekoloniar. Då flytte det mange frå Spania til desse landa, og dei som budde der, måtte lære seg spansk.

I Puerto Rico ogEkvatorial-Guinea er spansk offisielt språk, ved sidan av andre språk.

Det finst òg store grupper som snakkar spansk utanfor desse landa, særleg iFilippinane ogUSA. I USA er spansk det nest største språket, etterengelsk.

Særdrag

Det spanskealfabetet har 27 bokstavar.

Spansk grammatikk liknar mykje påfransk,portugisisk ogitaliensk.

Substantiva har han- eller hokjønn.

Dialekt

Foto av bokomslag, Harry Potter.
Harry Potter og de vises stein på spansk.
Foto av bokomslag, Harry Potter.
Av/Amazon.

Standard spansk er basert på eindialekt som kallast kastiljansk. Denne dialekten kjem frå eit område i Spania som heiter Castilla. I Spania blir det òg brukt fleire andre språk, til dømes katalansk, galisisk og baskisk.

Det er små skilnader mellom spansk i Europa og spansk i Amerika. Skilnadene kan til dømes vere ulike lydar og ulike typar ord for same ting.

Historie

Spansk stammar frålatin. Spansk har fått lånord fråtysk ogarabisk. Under kolonitida fekk spansk nokre ord frå språka til urfolka i Sør-Amerika.

Spansk er i samespråkfamilie somportugisisk ogfransk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Berg, Sunniva Relling:spansk iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/spansk

Bidra

Faktasjekk av

Hanne Eckhoff
Førsteamanuensis i russisk språkvitenskap, University of Oxford

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp