Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no
Flere deler i tynt stoff i mange forskjellige farger og møsntre fyller bildet. Endene er samlet på midten og snuret i en slags rosett. Foto
Silkeskjerf i ulike fargar. Av/Shutterstock.Avgrensa gjenbruk

silke

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske
Et stort flettet fat fylt med silketråder, kokonger og silkelarver. Til venstre for fatet ligger to store bunter med lys gul silketråd. Foto

Silkelarvar og kvite kokongar med silketråd på eit fletta fat. Biletet er frå ein stad i Thailand, der dei bruker tradisjonelle metodar for å lage silkestoff.

Fotografi
Av/Shutterstock.

Silke blir laga av silkeormar. Silkeormen er ei larve, som kan bli til einsommarfugl. Larva spinn einkokong rundt seg sjølv, før ho blir til ein sommarfugl. Det er silke frå kokongen som blir nytta til å lage klede.

Silken har tynne, sterke fibrar. Silke er krevjande å framstille, difor har det blitt ei kostbar vare. Det var iKina ein starta å lageklede av silke.

Eigenskapar

Silke kan verke varmande, når det er kaldt, og kjølande, når det er varmt. Likevel kan glatt silke kjennast kald mot huda.

Silke er sterkt, sjølv om det er tynt. Silke blir ofte blanda medull i klede. Det gjer at ullklede blir sterkare og toler meir bruk. Silke og ull har like eigenskapar, og kan vaskast likt.

Vask og stell

Silke kan vere vanskeleg å vaske og halde reint. Nokre klede av silke kan krevje reinsing, medan andre kan vaskast forsiktig for hand eller på vaskeprogram for ull.Sveitte, deodorant og parfyme kan setje flekkar i stoffet.

Silke kan strykast på låg varme. Høgaste temperatur er 140 gradar, altså to prikkar på strykejarnet. Ein må vere forsiktig med damp, fordi vassdropar kan setje flekkar.

Produksjon

Høyrearmen til en kvinne i grå genser som sitter ved en vev. Veven har massevis av tynne røde tråder. Til høyre i bildet er det vevd mønster et stykke av veven blant annet gull, blått og grønt. Det ligger flere spoler med tråder i forskjellige farger klare til å fortsette vevingen. Foto
Veving av silkestoff i Kina.
Fotografi
Av/Shutterstock.

Silke er kostbart, og difor blir silke mest brukt til dyre klede, som fine kjolar, bluser og ibunader. Det blir òg nytta i slips, sjal og undertøy.

Den vanlegaste silken blir laga i område der det veks morbærtre. Silkeormen et blad frå treet. Etter omlag ein månad, byrjar han å spinne ein kokong rundt seg sjølv. Kokongen er laga av ein lang, tynn tråd som ormen lagar i kroppen.

Når ormen er klar til å bli ein sommarfugl, bryt han ut av kokongen og flyg vekk. For å lage silke, samlar ein trådene frå kokongen.

For at tråden skal bli lengst mogleg, må ein samle tråden frå kokongane før sommarfuglen kjem ut. Då legg ein kokongane, med larven inni, i varmt vatn. Då døyr larvane, og det stoffet som held tråden saman blir oppløyst. Så blir tråden vikla av, og spunnen saman med andre silketrådar, for å lage ein sterk og fin tråd.

Silketråden blir kortare, viss ein ventar med å legge kokongane i varmt vatn, til sommarfuglen har floge.

Historie

Det å lage silke er ein gamal kunst, som har blitt gjort i fleire tusen år iKina. Derifrå har han spreidd seg, til land somIndia,Japan ogItalia.

I Kina har silke vore ei viktig vare å selje til andre land. Ei gamal rute for handel mellom Kina ogEuropa blir kallaSilkevegen. Det syner kor viktig silken var som handelsvare.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Edwards, Anja:silke iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/silke

Bidra

Faktasjekk av

Ingun Grimstad Klepp
Professor i klær og bærekraft, OsloMet – storbyuniversitetet

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp