
revolusjon

Ein kunstnar har måla korleis det kan ha sett ut, då representantar frå folket erklærte seg som Frankrike si nasjonalforsamling, under den franske revolusjonen i 1789.
Revolusjon er ei rask og stor endring av eit system, for eksempel styreforma i eit land. Ordet revolusjon blir mest brukt ompolitiske og sosiale endringar i eitsamfunn.
Andre eksempel på revolusjonar kan være økonomiske endringar, endringar innanfor ein type teknologi eller ein type forsking.
Politiske revolusjonar
Somme av dei viktigaste politiske revolusjonane i historia er den franske revolusjonen, som starta i 1789, ogden russiske revolusjonen i 1917.
Under den franske revolusjonen gjorde folket opprør motkongen ogadelen iFrankrike. Mange av idéane som var viktige for opprøret har seinare vore til inspirasjon fordemokratisk utvikling i andre land. Den franske revolusjonen var svært valdeleg, og blei prega av at han etter kvart førte til mangekrigar iEuropa.
Den russiske revolusjonen førte til atSovjetunionen blei oppretta. Idéane som var viktige der blei inspirasjon forarbeidarrørsler ogsosialistiske rørsler over heile verda.
Den industrielle revolusjonen

Utviklinga av jernbanen var viktig for den industrielle revolusjonen. Biletet er av damplokomotivet «Puffing Billy» frå 1815.
Den industrielle revolusjonen frå sist på 1700-talet er eit eksempel på ei rask og omfattande endring av industri og teknologi. Denne revolusjonen skjedde først i Europa.
Ny vitskap og teknologi gjorde det mogleg åprodusere og transportere varer raskare, og i større mengder, enn før. Fleire folk flytta til storbyane for å jobbe i industrien, og jernbaner og dampskip gjorde det mogleg å drive meirinternasjonal handel.
Den industrielle revolusjonen førte til mange endringar i samfunnet. For eksempel kunne ein kjøpe klede som var laga på fabrikk i staden for heime. Då kunne folk bruke tida si på andre ting enn å for eksempel strikke og sy. Det var med på å endre heile samfunnet.