profet (ordforklaring)

Moses blir rekna som ein profet i både jødedom, kristendom og islam. Han fekk Dei ti bod av Gud, skrivne på to steintavler.
Maleri av Moses med stentavlene.
AvRembrandt/Gemäldegalerie Berlin.
Ein profet er ofte ein bodbringar, éin som fortel vanlege menneske kva ein gud eller ei høgare makt har å seie. Bodskapen blir kalla eiopenberring.
Mange profetar har etter kvart blitt sett på somheilage personar. Nokre profetar har òg vore grunnleggjarar av nye religionar. Eit døme på det erMuhammed, som blir rekna som grunnleggjaren avislam.
Profetar finst i svært mange religionar og i fleire verdsdelar.
Den største av profetane iBibelen varMoses. Moses blir rekna som profet i bådejødedom,kristendom og islam. Koranen nemner 24 profetar. Den siste er Muhammed.