Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no

mynt

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske
Foto av kronestykke
Ei norsk krone. På den eine sida er det ein fugl som sit i greinar. På den andre siden er det eit kors, saman med forbokstavene til kong Harald og ei krone.
Foto av kronestykke

Mynt er ein typepeng, som er laga avmetall. Myntar er som regel runde. Dei kan ha ulike storleikar og vere laga av ulike metall. Somme myntar har eit hôl i midten.

Myntar er som regel verde ganske små summar. Den største summen éin mynt kan ha iNoreg, er 20kroner. Større summar brukar einsetlar til. Myntar og setlar blir kalla forkontantar.

Myntar i Noreg

Norske kroner finst som desse myntane:

  • 1 krone: Sølvfarga mynt, med hôl i midten. På den eine sida er det bilete av ein fugl på blad. På den andre sida er det bilete av førebokstavane tilkongen.
  • 5 kroner: Sølvfarga mynt med hôl i midten, større enn einkrona. Det er bilete av treskjering på båe sider.
  • 10 kroner: Gullfarga mynt. På den eine sida er det bilete av kongHarald 5., på den andre sida er det eistavkyrkje.
  • 20 kroner: Gullfarga mynt, som er større enn tikrona. På den eine sida er det bilete av kongHarald 5., på den andre sida er det eit vikingskip.

Noregs Bank har ansvar for myntar ogsetlar, og øydelegg dei, dersom dei ikkje skal brukast meir. Fram til 2011 kunne ein bruke 50-øringar, som var verde like mykje som ei halv krone. Det var ein liten, koparfarga mynt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Djupvik, Guro:mynt iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/mynt

Bidra

Faktasjekk av

Henry Langseth
Universitetsbibliotekar og fagreferent, Universitetet i Bergen

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp