
måne

Månar kjem i ulike former og storleikar. På biletet er ein av Saturn sine små månar, Hyperion. Hyperion er avlang i form, og overflata er full av krater.
Måne er einhimmellekam som går i bane rundt einplanet,dvergplanet ellerasteroide.
Jorda har éin måne, og det erMånen.
Månar i solsystemet
Isolsystemet er det oppdaga over 200 månar. PlanetaneMerkur ogVenus er dei einaste planetane som ikkje har månar. PlanetaneJupiter ogSaturn har flest månar. Rekorden er på over 80 månar.
Den største månen i solsystemet er Ganymedes. Den er større enn planeten Merkur. Ganymedes går i bane rundt Jupiter.
Det er også oppdaga månar rundt dvergplanetar og asteroidar i solsystemet.
Månar kan vere runde, som ballar, eller små og klumpete.
Det blir framleis oppdaga nye månar i solsystemet.