Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no
Nærbilde av åtte gutter i dresser i hver sin farge.
Exo er éi av dei mest populære gruppene innan k-pop. Av/SM Entertainment..Avgrensa gjenbruk

k-pop

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske
Syv gutter som sitter og står. De har på seg skoleuniformer. På veggen bak dem henger et banner hvor det står "We go up".
Den koreanske popgruppa NCT Dream er ein del av den større gruppa NCT.
Foto av NCT Dream.

K-pop betyr «koreansk pop» og er ein typepopmusikk fråSør-Korea. Artistar som syng k-pop blir kalla idol. Idola er ofte med i ei jente- eller gutegruppe. Artistane i gruppa har ulike roller, som viser kva dei er best til. Rollene kan for eksempel vere «leiar», «rappar» eller «dansar».

Kjenneteikn

Foto av BTS.
BTS har sidan 2018 vore det mest populære k-pop-bandet, også i Noreg. Her er gruppa etter at dei vann prisen Top Social Artist i Las Vegas i 2018.
Foto av BTS.
Av/Getty.

Idola syng på både koreansk ogengelsk. Songane er inspirerte av mange ulike typerpopulærmusikk, som for eksempelR&B ogrock. Folk frå heile verda skriv songar for gruppene.

Det er viktig å vere god til å danse i k-pop. Når gruppene har laga ein ny song, deler dei musikkvideoen påYouTube. Etter at dei har delt musikkvideoen, legg dei ofte ut ein eigen dansevideo, som viser danserutinen til songen. Mange fans bruker desse videoane til å lære seg dansen.

Å bli k-pop-idol

Ni jenter i kvite og rosa kjolar
K-popgruppa Girls' Generation er eit jenteband.
Foto av Girls' Generation.
Av.
Lisens:CC BY 2.0

Dei som vil bli k-pop-idol, går på audition hjå eit byrå. Viss dei kjem vidare frå auditionen, får dei kontrakt med byrået og blir kalla «trainee». Det betyr at dei trenar på å bli idol.

Etter eit par år som trainee, vel byrået ut dei som får starte i ei k-pop-gruppe. Gruppa gjev ut eit album og begynner å halde konsertar.

Historie

Sjangeren k-pop oppstod i Sør-Korea på 1990-talet. Den første k-popgruppa kom i 1992 og heitte Seo Taiji and Boys. Amerikanskhiphop inspirerte både musikken og kleda deira.

I 1996 bestemte éin av medlemmene i Seo Taiji and Boys seg for å starte eit plateselskap, YG Entertainment. To andre selskap blei starta omtrent samtidig: SM Entertainment og JYP Entertainment. Dei tre selskapa ønskte at den nye sjangeren k-pop skulle bli kjend i resten av verda. Etter nokre år var dei ikkje berre plateselskap. Dei var blitt byrå, som fann nye talent, trena dei opp og gav ut plater.

Gruppa H.O.T. blei svært populær iKina. Idolet BoA blei veldig populært iJapan. Det tok lengre tid å få koreansk popmusikk til å bli populær iUSA. Men i 2012 fekk Psy ein hit over heile verda med songen «Gangnam Style».

I 2013 starta gutegruppa som har hatt størst suksess, BTS. I 2018 hamna to av albuma deira,Love Yourself: TearogLove Yourself: Answer, på førsteplass i USA.

I 2016 starta jentegruppa Blackpink. I 2019 blei videoen «Ddu-Du Ddu-Du» den første frå ei koreansk gruppe som hadde ein milliard avspelingar på YouTube.

Fans

Når eit byrå gir ut ei ny gruppe, lagar det òg ein fanklubb. Dei mest kjende er ARMY, som er fanklubben til BTS, og BLINK, som er fanklubben til Blackpink. Fanklubbane er aktive påsosiale medium, særleg på Twitter.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Ulltang, Synne:k-pop iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/k-pop

Bidra

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp