Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no

digital (ordforklaring)

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske

Digital er noko som har samanheng meddatateknologi. Digital blir både brukt om ting som gjeld datateknologi, som brukar datateknologi eller blir skapt av datateknologi.

Så godt som alle datamaskiner erdigitale. Det betyr at dei berre arbeider med verdiane 0 og 1. Bilete, tekst, lyd og video blir bygde opp av store mengder 0-arar og 1-arar. Desse verdiane blir representerte i datamaskina ved hjelp avelektrisitet, eller fråværet av elektrisitet, i elektroniske komponentar.

Det motsette avdigital eranalog. Noko som er analogt er basert på fysiske storleikar og mekanismar. Ei digital klokke har til dømes ei lita datamaskin inne i seg. Ei analog klokke er ei maskin som har eit urverk med tannhjul og fysiske visarar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Bolstad, Erik:digital - ordforklaring iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/digital_-_ordforklaring

Bidra

Faktasjekk av

Tom Heine Nätt
Førstelektor, Høgskolen i Østfold

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp