dialekt

Dialekt er ein variant av eitspråk, i eit bestemt geografisk område.
Ulike dialektar skil seg frå kvarandre, i ord,grammatikk, uttale og tonefall. Til dømes seier ein «eg» i somme dialektar i Noreg. I andre dialektar uttalar ein same ord «æ», «i», «je», «jæ» eller «jæi».
Dialekten seier noko om kvar ein kjem frå, kven ein er, og somme tider òg kven ein ønskjer å vere. Det er ein sterk samanheng mellom dialekt ogidentitet.
Språk har ofteskriftspråk, medan dialekter ikkje har det.
Dialektar i Noreg

Alt inorrøn tid, om lag 1050–1350, var det tydelege dialektskilnader i Noreg. Hovudskiljet var mellom aust-norsk og vest-norsk. I dag deler ein dialektene opp i fire grupper: nordnorsk, trøndersk, vestlandsk og austlandsk.
Geografi var ei viktig årsak til at dei ulike dialektane utvikla seg i Noreg. Folk som har mykje kontakt med kvarandre i eit område, utviklar felles språk. Tidlegare gjordefjell og vidder,skog og store avstandar det vanskeleg for folk å ha kontakt med kvarandre. På kvar si side av eit stort fjell, eller ein brei fjord, kunne det derfor utvikle seg ulike måtar å snakke på.
I dag er mange skilnder mellom dialektane i ferd med å bli borte. Avstandane er mindre, og fleire bur i byar og tettstader. Då påverkar dei språket til kvarandre. I tillegg gjer ny teknologi at folk får kontakt med fleire ulike dialektar og variantar av språket. Det gjeld både i Noreg og i andre land.
I Noreg er det vanleg å kunne bruke dialekt i dei aller fleste samanhengar. Fleire skriv òg på dialekt isosiale medium. I dei fleste andre land er det mindre vanleg å bruke dialekt i det offentlege.