
bunad og folkedrakt

Bunad og folkedrakt er klede som blir brukte til fest og høgtid.
Det er vanleg å bruke bunad eller folkedrakt for eksempel på17. mai eller til høgtider som barnedåp,konfirmasjon og bryllaup.
Utsjånad
Både bunader og folkedrakter er laga av ull, bomull, silke eller lin. Det finst ulike typar sko, skjorter, belte, strømper, bringeklutar og forkle.
Nokre bunader har hovudplagg som lue eller skaut. Andre bunader har sjal eller kep. I gamle dagar trudde folk at søljene på bunaden beskytta dei mot vonde makter.
Dei som lagar bunader, blir kalla bunadtilverkarar. Sidan bunaden har mange delar, lagar òg andre handverkarar delar til bunaden. Ein gullsmed kan for eksempel lage søljer. Det er òg mange som lagar heile eller delar av bunaden sjølv.
Bunad

Det finst om lag 450 typar bunader. Bunadene er forskjellige i ulike delar av Noreg.
Det finst eigne bunader for bryllaup, det finst bunader som viser om ein er gift eller ugift, og det finst bunader for barn. Det finst òg ein kjønnsnøytral bunad.
Mange får ein bunad når dei konfirmerer seg. Somme arvar bunaden sin. Andre får ein heilt ny bunad.
Dei som får ein ny bunad, vel ofte ein bunad frå ein plass dei kjem frå. Men dei kan òg velje ein bunad, berre fordi dei synest han er fin.
Folkedrakt

Hardangerbunad er eit eksempel på ei folkedrakt som blir brukt som bunad.
Folkedrakt er eigentleg dei kleda som vanlege folk gjekk med i Noreg fram til om lag 1850. Bunad kan vere ei folkedrakt, men må ikkje vere det.
Folkedrakt kan òg vise om personen høyrer til ei folkegruppe. Eksempel på dette er samedrakt, kvendrakt, romanibunad og finnskogsbunad.
Historie

Bunader blei populære under ein periode på 1800-talet som heiter nasjonalromantikken. Under nasjonalromantikken var folk ekstra opptatt av det som var norsk.
For å vise at dei var norske, ønskte mange å gå i klede som var brukt av folket i hundrevis av år. Desse kleda heiter folkedrakter.
Nokre stader gjekk folk framleis i folkedrakter på 1800-talet. Denne drakta begynte dei å kalle bunad. Det er ofte faste reglar for dei folkedraktene som òg blir kalla bunad. Hardangerbunaden er eksempel på dette.
Andre stader hadde folk slutta å gå med folkedrakter. For å få kalle eit antrekk bunad, kunne dei gjere to ting. Det eine var å leite fram gamle folkedrakter som var brukt før. Eit eksempel på dette er beltestakk frå Telemark. Det andre dei kunne gjere var å leite etter ulike klede og setje dei saman til ein bunad.