Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no
Foto
Brus i glas. [utvida med KI]. Av/Shutterstock.Avgrensa gjenbruk

brus

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske
Foto av Solo Super i butikk
Solo er ein norsk brus, som lenge var den mest selde brusen i Noreg. No er brus frå merka Coca-Cola og Pepsi-Cola meir selde enn Solo.
Foto av Solo Super i butikk
NTB.

Brus er ein søt drikk med bobler i, som finst i mange ulike smakar. Han heiter brus fordi han brusar.

Tilhøyrande emnesider

Tema:
Mat og drikke

Å lage brus

Brus medsukker blir laga ved å blandevatn, sukker og smak. Smaken kjem ofte fråsaft. Som regel er det svært mykje vatn og sukker, og ganske lite saft. Til slutt blir det tilsett ein gass som heiterkarbondioksid. Når gassen blir blanda med væska, skjer det einkjemisk reaksjon, og det blir dannakolsyre. Kolsyra gjer at det blir danna tusenvis av bitte små bobler.

I dag blir det selt meir sukkerfri brus enn brus med sukker. Den søte smaken kjem då frå kjemiske stoff.

Helseråd

Brus er skadeleg for tennene, på grunn av syra som er i all brus. Det er heller ikkje sunt å få i seg mykje sukker. Viss ein drikk mykje brus med sukker, kan ein fåhol i tennene.

Historie

Brus blei oppfunnen rundt 1770 iEngland.

Den mest kjende brusen i verda er Coca-Cola, som blei oppfunnen i USA i 1892. No blir det laga og selt Coca-Cola overalt.

Brus som drikke kom tilNoreg på byrjinga av 1900-talet. Eit populært norsk merke er appelsinbrusen Solo.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
fri gjenbruk.Creative Commons
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Steffensen, Arnt:brus iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/brus

Bidra

Faktasjekk av

Arnt Steffensen

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp