Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no
Blind person med stokk, som går på merka fortau
Blind person med stokk, som går på merka fortau. Av/Shutterstock.Avgrensa gjenbruk

blind

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske
Foto av person som les punktskrift i bok

Punktskrift er skrift ein kan lese med fingertuppane. Alfabetet er sett saman av bitte små prikkar som dannar bokstavar og ord.

Foto av person som les punktskrift i bok
Av/Shutterstock.

Ein person som er blind, ser svært dårleg eller kan ikkje sjå noko. Blinde personar har ei sterk synshemming. Å vere blind er eifunksjonsnedsetting.

Ein person som ser dårleg, men ikkje er blind, ersvaksynt.

Ein kan vere fødd blind, eller ein kan bli blind i løpet av livet. Nokresjukdommar iauget kan gjere at ein mistar store delar av synet eller blir heilt blind.

I Noreg er det cirka 1000 personar som er heilt blinde.

Norges Blindeforbund er einorganisasjon som jobbar for å hjelpe blinde med å få ein enklare og meir sjølvstendig kvardag.

Kjenneteikn

Blinde kan ikkje sjå verda rundt seg. Det gjer at mange ting i kvardagen blir vanskelege. Det er vanskeleg å flytte seg frå stad til stad og finne vegen. Det kan vere farleg å ikkje sjå hinder i vegen, trafikk eller for eksempel trapper.

Blinde kan ikkje lese tekst i papirbøker ellerpapiraviser, og dei kan ikkje sjå bilete og skilt for å få informasjon. I staden for å brukeauga til å lese, kan blinde menneske bruke fingrane til å lese punktskrift. Dei kan ikkje sjå bilar som kjem mot dei, men dei kan høyre dei. Dei kan også lytte til aviser, lydbøker eller musikk.

Hjelpemiddel

Foto av førarhund
Førarhundar er hundar som er spesielt trente til å hjelpe menneske med synshemming. Dei kan hjelpe til med å kome seg trygt rundt i trafikken. Hundane kan òg vere trente til å seie frå, viss mennesket blir sjukt eller treng hjelp.
Foto av førarhund
Av/Shutterstock.

Det finst fleire hjelpemiddel som kan gje blinde ein enklare og meir sjølvstendig kvardag. Her er nokre eksempel:

  • Punktskrift er små punkt som stikk opp, så ein kan kjenne dei med fingrane. Prikkane dannar bokstavar og ord.
  • Det finst innstillingar og spesielle program på mobil, nettbrett ogdatamaskiner, som gjev betre kontrast eller les opp teksten.
  • Skjermlesar er eit program som gjer digitalt innhald klart til å bli lese, anten som lyd eller med leselist. Leselist gjer digital tekst om til punktskrift.
  • Førarhundar erhundar som er trena opp til å hjelpe blinde personar. Ein førarhund kan for eksempel gjere det mykje enklare å gå ute i trafikken.
  • Kvit stokk kan gjere det lettare å finne vegen frå ein plass til ein anna. I tillegg er stokken ein måte å vise til andre folk at ein ser dårleg.
  • Eksempel på hjelpemiddel heime er kvitevarer som snakkar, riktig lys eller lupe.
  • Lydbøker, lydaviser ogpodkast.

Kategoriar

Synshemming blir delt inn i ulike kategoriar frå 1 til 5, ut fra kor dårleg folk ser. Dei som har så redusert syn at dei blir rekna som blinde, er i kategori 3, 4 eller 5.

  • Personar ikategori 3ser mykje mindre enn det som er vanleg. Desse personane kan sjå lys, og har godt nok syn til å kunne telje fingrar på éin meters avstand.
  • Personar ikategori 4kan ikkje skilje mellom ting rundt seg, men kan oppfattelys.
  • Personar ikategori 5 er heilt blinde. Det betyr at dei verken kan oppfatte ting eller lys.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Faleide, Andrine:blind iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/blind

Bidra

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp