bankkonto

Mange bankkontoar er kopla til eit bankkort, som ein kan bruke til å betale med. Bankkort har ei magnetisk stripe eller ein chip, som tek kontakt med banken.
Bankkonto er når einbank passar påpengar for ein kunde. Når ein opnar ein bankkonto, set ein inn pengar på kontoen. Banken held styr på kor mykje pengar ein har sett inn og teke ut. Mengda pengar ein har på kontoen, heitersaldo.
Kunden kan vere ein person, einorganisasjon eller eibedrift. Kunden eig framleis pengane, sjølv om dei er i banken.
Alle bankkontoar har eit eige nummer. INoreg har kontonummer 11 siffer, til dømes 1111.22.33333.
Typar
Kundar kan velje mellom fleire typar bankkontoar.Brukskonto ogsparekonto er to av dei vanlegaste typane. Det er vanleg å ha meir enn éin bankkonto, og mange har òg bankkontoar i fleire bankar.
Brukskonto blir av og til kallalønnskonto, fordi ein fårlønn ogtrygd utbetalt til den kontoen. Dei fleste brukar kontoen, når dei skal betale rekningar og handle. Ein brukskonto har gjerne eitbankkort knytt til kontoen.
Ein sparekonto blir brukt for åspare pengar.Renta ein får på ein sparekonto er ofte høgare enn på ein brukskonto. Difor blir denne typen òg kallahøgrentekonto. Hjå mange bankar må kunden betalegebyr, dersom dei tek ut pengar frå ein sparekonto fleire enn nokre få gonger i året. Gebyr er pengar banken tek for å gjere ulike tenester for kunden.
Bustadsparing for Ungdom (BSU) er ein spesiell type sparekonto som unge kan opne etter at dei har fylt 13 år. Denne kontoen kan ein berre bruke til å spare pengar, for å kjøpe bustad.
Bankar tilbyr òg eigne typar bankkontoar til for eksempelbedrifter,kommunar og andre typarorganisasjonar.
Bruk

I Noreg er det heilt nødvendig å ha ein bankkonto. Ein treng bankkontoen, for å få utbetaltlønn ogtrygd, eller når ein skal betale rekningar. Dei fleste brukar ein nettbank til å flytte pengar til og frå bankkontoen sin.
Som regel har folk bankkort, som er kopla til ein brukskonto. På den måten kan kunden bruke kortet sitt til å betale for varer og tenester som hen kjøper. Dersom ein ikkje vil bruke bankkort, kan ein betale medkontantar, som ermyntar ellersetlar. Ein kan ta ut kontantar i banken, ein minibank eller når ein betaler for varer på butikken.
Tenester som Vipps er òg knytt til bankkontoar. Denne tenesta gjer at ein kan betale pengar til andredigitalt.