Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no
Alle bokstavene i alfabetet. Først med store bokstaver, så med små bokstaver.
Det norske alfabetet har 29 bokstavar. 20 konsonantar og 9 vokalar. Av.CC BY SA 3.0

alfabet

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske
Alfabet
Det norske ordetalfabet, skrive som på norsk med ulike alfabet: latinsk, hebraisk, gresk, kyrillisk og japansk.
Tilleggsbokstavar Æ, Ø Å.

I det norske og danske alfabetet brukar ein Æ, Ø og Å, i tillegg til dei vanlege 26 latinske bokstavane.

Tilleggsbokstavar Æ, Ø Å.
Lisens:CC BY SA 3.0
Kinesiske skriftteikn

Det kinesiske skriftsystemet er det nest mest brukte i verda, etter det latinske. Biletet viser kinesiske skriftteikn som tyder «du», «eg», «venner», «fiendar».

Kinesiske skriftteikn
Av/Shutterstock.

Alfabet er det settet avsymbol eller skriftteikn som viser til dei enkelte lydane (vokalane ogkonsonantane) i eitspråk. I dei fleste alfabet står teikna i ei fast rekkefølge.

Ordetalfabet kjem frå dei to første bokstavane i detgreske alfabetet:alfa ogbeta.

Tilhøyrande emnesider

Tema:
Språk

Bruk

Alle språk i Vest-Europa brukar variantar av detlatinske alfabetet. Det latinske alfabetet er det mest brukte alfabetet i verda. Det har 26 bokstavar. INoreg ogDanmark bruker ein i tillegg Æ, Ø og Å.

Det er svært mange ulike alfabet i verda, til dømes detkyrilliske, detgreske, dethebraiske og det arabiske.

Det arabiske alfabetet blir brukt til å skrive arabisk og fleire andre språk. Iarabisk heng bokstavane tett saman, og dei endrar form etter kvar bokstaven står i ordet. Når ein skriv arabisk, skriv ein nesten berre konsonantar.

Det nest mest brukte skriftsystemet i verda er detkinesiske. Det har mange tusen ulike teikn for ord eller orddelar, og er ikkje ei alfabetisk skrift.

Japanarane tok i bruk kinesiske skriftteikn i dei første århundraevt. På 800-talet blei det utvikla ei bokstavskrift med to variantar: hiragana og katakana. Hiragana og katakana er ikkje alfabet, for teikna står for stavingar i det japanske språket, ikkje for enkeltlydar. Moderne japansk blir i dag skriven med ein kombinasjon av dei to variantane og kinesiske teikn.

Historie

Det eldste reine alfabetsystemet ein kjenner til, stammar frå 1700-1500fvt. Det er det nordsemittiske alfabetet.

Omkring 1000fvt. utvikla det nordsemittiske alfabetet seg i fire greiner:

  • Kanaaneisk
  • Arameisk
  • Sørsemittisk
  • Gresk

Dei fleste alfabeta i verda har utvikla seg frå desse fire.

Frå det arameiske alfabetet stammar mange alfabet, som det arabiske og fleire indiske alfabet.

Det greske alfabetet spreidde seg vidare til Vesleasia,Egypt ogItalia. Både detlatinske og detkyrilliske alfabetet stammar frå det greske alfabetet.

Det norske alfabetet er basert pådet latinske alfabetet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Berg, Sunniva Relling:alfabet iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/alfabet

Bidra

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp