Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Vesle norske leksikon
Gå til snl.no
Måleri av Vasco da Gama si avreise frå Lisboa i Portugal
Måleri av Vasco da Gama si avreise frå Lisboa i Portugal. Av.Falle i det fri (Public domain)

Vasco da Gama

Artikkelen finst i lang versjon iStore norske

Faktaboks

Vasco da Gama
Fødd
1469, Portgual
Død
24. desember 1524, Portugisisk India (nå India)
Måleri av Vasco da Gama
Oljemåleri av Vasco da Gama, frå første halvdel av 1500-talet.
Av.
Lisens:CC BY 3.0

Vasco da Gama var einportugisiskoppdagar. I 1497 var han den første som reiste fråEuropa tilIndia ved å segle rundtAfrika.

Kong Manuel 1. avPortugal ville finne ein sjøveg til India, for å kontroll medhandelen av krydder. Krydder var ei dyr og populær vare iEuropa på denne tida. Det ville gje kongen og Portugal rikdom og makt. Kongen ville òg nedkjempeislam og at alle skulle omvendast tilkatolisismen.

Vasco da Gama segla tre gonger over havet til India. Desse reisene bidrog til at Portugal blei eistormakt på havet.

Bakgrunn

Vasco da Gama blei fødd i 1469 i Portugal. Det er ikkje så mykje som er kjent frå oppveksten hans, men ein trur at han studertematematikk ognavigasjon.

Han hadde segla for den portugisiske kongen tidlegare og blei sett til å leie den første reisa til India.

Den første reisa til India (1497–1499)

kvit høg skulptur på kanten av ein odde med utsyn over havet

Eit kors med Vasco da Gama sitt namn og årstalet 1497 står ved Kapp det gode håp i dagens Sør-Afrika. Gama kom hit 4. november det året.

Fotografi
Av.
Lisens:CC BY SA 4.0

I 1497 fór Vasco da Gama ut på den første reisa si frå Lisboa i Portugal til India. Han var leiar for tre skip, med eit mannskap på 170.

Den første reisa til India blei lang og farefull. Dårleg vêr på havet førte til at skipa måtte inn til land for å bli reparerte. Mangel på mat gjorde at mannskapet blei sjuke. Til slutt, etter ti månader, nådde dei Calicut i India.

Vasco da Gama fekk med seg varer frå India. Dei var verde mykje meir enn det heile ekspedisjonen kosta. Etter nesten to år på reise kom Gama tilbake til Portugal i 1499. Mange av mannskapet hans døydde på vegen tilbake, avsjukdommar og mangel på mat.

Den andre reisa til India (1502–1503)

På den andre reisa til India fór Vasco da Gama ut frå Portugal med 15 skip og eit mannskap på 800. Kongen ville at Gama skulle avtale å samarbeide med hamnebyar i Afrika og India. Han skulle også sjå korleis det stod til på handelsstasjonar som portugisarane hadde i områda.

Under denne reisa plyndra Gama detmuslimske skipet Miri. Etterpå søkkte han skipet med alle menneska om bord. No blir denne handlinga sett på som brutal og uakseptabel. Men då Vasco da Gama kom heim, blei han hylla av kongen for å ha nedkjempa muslimane og ført skipa trygt heim med rikdomar.

Den tredje reisa til India (1524)

Det var gått mange år sidan Vasco da Gama hadde reist til India. I løpet av denne tida hadde Portugal fått mindre makt på havet. Derfor blei Gama igjen send til India. Han skulle mellom anna erstatte folk som ikkje gjorde jobben sin i India med sine eigne menn.

Medan han var i India, blei han sjuk. 24. desember 1524 døydde han, i fortet sitt i Cochin i India.

Les meir i Vesle norske leksikon

Skriven av:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
avgrensa gjenbruk.
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Pedersen, Fredrik Lyngås:Vasco da Gama iLille norske leksikon på snl.no. Henta frå https://lille.snl.no/Vasco_da_Gama

Bidra

Faktasjekk av

Carl Fredrik Feddersen
Førsteamanuensis i historie, Universitetet i Agder

[8]
ページ先頭

©2009-2025 Movatter.jp