
Portugal
Faktaboks
- Hovudstad
- Lisboa
- Innbyggjartal
- 10,3 millioner
- Storleik
- 91 606 km²
- Statsform
- republikk
- Statsoverhovud
- president Marcelo Rebelo de Sousa
- Språk
- portugisisk
- Nasjonaldag
- 10. juni
- Valuta
- euro


Portugal (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).
Portugal er eitland sør iEuropa.Hovudstaden heiter Lisboa. Landet grensar tilSpania i nord og aust, og harkyst motAtlanterhavet.
Natur og klima

Portugal og nabolanda
Portugal er eit lite land, omlag ein firedel avNoreg i storleik.
I nord er detfjell ogdalar medelvar. Den høgaste fjelltoppen (1993 meter over havet) ligg i fjellkjeda Serra da Estrela.
Sørover i landet ligg Alentejo, eit område som består avsletter. Algarvekysten heilt i sør er kjend for fine strender.
Mesteparten av Portugal har milde, fuktige vintrar og varme, tørre somrar.Kanin, sørhare, rådyr, villsvin ograudrev er vanlege dyr i landet. Det finst også mange typarøgler.
Asorane og Madeira er øygrupper i Atlanterhavet som høyrer til Portugal. Dei er danna av tidlegarevulkanar.
Folk og kultur

Meir enn 65 prosent av befolkninga bur i byar og byområde. Dei største byane er Lisboa og Porto. Den størstereligionen erkristendom, og dei fleste erkatolikkar.
Offisielt språk i landet erportugisisk. Over 178 millionar menneske i verda har portugisisk som førstespråk. Berre litt over 10 millionar av dei bur i Portugal. Dei fleste bur iBrasil, som tidlegare var ein portugisiskkoloni.
Portugal har ni år med gratis skule for alle. Etterpå går veldig mange tre år på vidaregåande skule.
Politikk og økonomi

Portugal er einrepublikk. Makta er delt mellompresidenten ogstatsministeren.
Portugal var med på å starteNATO i 1949. Landet er òg medlem av mellom annaFN ogEU. Frå 2017 er portugisiske António Guterresgeneralsekretær i FN.
Mange arbeider medhandel, industri ogjordbruk. Landet tener òg ein del pengar på turisme.
Historie
Portugal er kjend for sjøfart. SjøfararenVasco da Gama, som segla over havet tilIndia i 1498, var portugisar.
Frå 1932 til 1968 var Portugal eitdiktatur styrt avstatsministeren Antonio de Oliveira Salazar.
Etter 1968 var Portugal eitmilitært diktatur i nokre år. Men etter ein fredelegrevolusjon i 1974 vart Portugal eitdemokrati.
Portugal var éi av dei størstekolonimaktene i verda. Dei herska mellom anna over heileBrasil og store område aust iAfrika.
Salazar var imotavkoloniseringa. Det førte tilkrig ikoloniane i Afrika frå 1961. Etter revolusjonen i 1974 støtta Portugal koloniane som ville blisjølvstendige.
Portugal og Noreg
Portugal og Noreg samarbeider om mellom annafornybar energi til havs og kamp mot ulovlegfiske. I tillegg sel Noreg mykjefisk ogsjømat,fossilt brensel,metall ogstål til Portugal.