
Bibelen

Bibelen er den viktigaste boka ikristendommen. Han er eigentleg ikkje éi bok, men ei samling bøker av ulike forfattarar. Desse tekstane erheilage for kristne.
Bibelen har to hovuddelar. Dei heiterDet gamle testamentet og Det nye testamentet, forkorta til GT og NT.
Av og til snakkar ein om 'Den hebraiske bibelen'. Då meiner einTanakh ijødedommen. Tanakh er nesten heilt lik Det gamle testamentet.
Det gamle testamentet

Det finst eigne biblar for born, med enklare tekst og mange teikningar.
Det gamle testamentet er i hovudsak skrive på språket hebraisk, og blei til mellom ca. år 950 og 150 fvt.
Bibelen startar med atGud skaper verda. Resten av tekstane handlar i hovudsak om historia til folket frå Israel. Dei blei seinare kallajødane. Derfor er Det gamle testamentet viktig ijødedommen òg.
Det nye testamentet
Tekstane i Det nye testamentet blei skrivne frå rundt år 50 til 100 evt. Desse tekstane blei skrivne på gresk. Dei er heilage i kristendommen. Det nye testamentet handlar mest omJesus, og dei første kristne som følgde han.
Ulike tekster
Bibelen er ikkje éi bok, men ei stor samling av tekster, som er skrivne av mange ulike menneske. Bibelen inneheld historieforteljingar, lover, profetiar (spådommar), salmar, ordspråk og brev. Gjennom historia har tekstene blitt kopierte og skrivne om mange gonger.
I ulike delar av kristendommen er folk usamde om kva som bør vere med av tekstene i Bibelen. I katolske og ortodokse biblar inneheld Det gamle testamentet nokre fleire tekster enn i dei protestantiske.
Bibelen til alle
På 1400-talet var det mestprestar,kongar og adelsmenn som hadde biblar. Tekstene blei kopierte og skrivne for hand avmunkar ikloster. Dei var svært sjeldne og dyre. Oppfinninga av boktrykkjarkunsten gjorde at ein kunne trykkje mange biblar, så fleire kunne lese dei.
I Europa blei Bibelen først omsett tillatin. På 1500-talet begynte ein å omsetje tekstene til språk fleire folk kunne forstå. I 1534 kom ei ny omsetjing tiltysk, av Martin Luther, som varteolog og som starta reformasjonen. Dermed blei Bibelen, og tekstene i han, tilgjengeleg for folk flest.
I 1904 kom ein heil bibel på norskbokmål.
Bibelen i kulturen
Bibelen har hatt stor påverknad påkultur. Bådespråk,musikk, biletkunst,film oglitteratur har motiv som er inspirerte av Bibelen.
Den kristne Bibelen er den boka i verda som blir mest omsett og mest lesen.