Kvart (av latin 'fjerde') imusikk er det fjerde trinnet i eidiatonisk tonerekkje. Det kan visa til eit intervall som tilsvarer tre trinn i ei slik tonerekkje, til dømes mellom 1. og 4. trinn.[1]
Einrein kvart er nemninga påintervallet (avstanden) mellom to tonar på femkromatiskehalvtonar, til dømes avstanden mellom C og F. Namnet kjem av at ein kvart spenner over fire trinn i dei flestediatoniske skalaer bortsett frålydisk. At han errein plasserer han saman med dei andre reine intervallakvint,oktav ogprim i ein eigen intervallkategori.
I einlikesvevande skala tilsvarer tilhøvet mellomfrekvensane på = 1,3348 . Irein stemming tilsvarar det eit tilhøve på 3:4 .
I streng koralsats vert ein rein kvart vurdert somdissonans som må innførast og vert oppløyst etter bestemte reglar.
Ein invertert (omvend) kvart er einkvint.
Det er vanleg å stemme strengene påkontrabassar ogbassgitarar i kvartar.Gitarar vert òg stemd i kvartar med unntak av éin streng. Òg gambefamilien (viola da gamba) er delvis stemt i kvartar.
Ein forstørra kvart verta for kallatritonus (tre(heil)intervallet til tonane).
Einforminska kvart er ein rein kvart der anten den øvste tonen er senka med einhalvtone, eller den nedste tonen er hevd med ein halvtone. Når ein brukar c som utgangspunkt, er den reine kvarten f. Hevar ein den nedste tonen med ein halvtone, får ein den forminska kvarten c♯ - f. Senkar med den øvste tonen med ein halvtone, får ein den forminska kvarten c - f♭. Frå den reine kvarten a - d vert dei forminska kvartane a♯ - d og a - d♭ danna, frå den reine kvarten f♯ - h dei forminska kvartane f♯♯ (eller fx) - h og f♯ - h♭.
I denlikesvevande skalaen høyrest ein forminska kvart ut som ein stor ters. Likevel gjeld ein forminska kvart i streng koralsats som dissonans.