Eitadverbial er eitsetningsledd som seier noko omverbalet,predikativet eller heilesetninga. Det er ikkje kravt av verbalet, så difor kan ein sløyfa heile adverbialet utan at setninga vert feil grammatisk sett.
- Stadsadverbial: Ho tok togettil Bergen.
- Tidsadverbial: Kva skal me gjerai dag?
- Måtesadverbial: Han talar franskperfekt.
- Middeladverbial: Snikkeren slo inn spikarenmed ein hammar.
- Gradsadverbial: Bitten åtmykje.
- Komitativt adverbial: Ditlef drog på feriesaman med familien sin.
- Benefaktivt adverbial: Eg skal gjera detfor deg.
- Agensadverbial: Tjuven vart arrestertav politiet.
Mange adverbial kan ein byta ut med eitt enkeltadverb:
- Ho tok togettil Bergen. > Ho tok togetdit.
- Kva skal me gjerai dag? > Kva skal me gjerano?
Me kan òg finna fram til ein del adverbial ved å nytta spørjeordakvar, når, korleis, kor mange eller kor mykje:
- Kvar tok ho toget? > Svar:til Bergen.
- Når skal me gjera det? > Svar:i dag.
- Korleis talar han fransk? > Svar:perfekt.
- Kor mykje åt Bitten? > Svar:mykje.
Ei setning kan ha fleire adverbial:
- Ho tok togettil Bergeni dag.
Om me sløyfar adverbialet, vil framleis setningane vera grammatisk korrekte (sjølv om tydinga kan vera ei anna eller me mistar vesentleg informasjon):
- Snikkaren slo inn spikarenmed ein hammer. > Snikkaren slo inn spikaren.
- Ditlef drog på feriesaman med familien sin. > Ditlef drog på ferie.
- Eg skal gjera detfor deg. > Eg skal gjera det.
- Tjuven vart arrestertav politiet. > Tjuven vart arrestert.