A (a) er den fyrstebokstaven i detlatinske, eigentleg romerske, og i detkyrilliske alfabetet.Det er òg første bokstaven idet greske alfabetet (A, α) som ligg til grunn for det latinske, og i det fønikiske som det greske stammer frå. I den opphavlege biletskrifta har teiknet vore eit kuhovud med horn. I semittiske språk viser bokstaven til ein ustemt strupelyd som dannast ved at stemmebanda vert pressa saman og så blir sprengt frå kvarandre. Bokstaven heiter 'alif påarabisk og 'alef påhebraisk (' syner til strupelyden). På gresk heiter hanalfa. Gresk har ikkje noko slik strupelyd, og der fekk teiknet lydverdien a. Dei semittiske alfabeta har ingen teikn for vokalar. I dei eldste greske innskriftene er teikne ein liggande A.Etruskarane tok opp det greske alfabetet og kalla bokstaven a. Frå dei kjem bokstaven og namnet til romarane, og frå dei gjennom fleire mellomledd til oss.
I den eldre runerekka var han det 4., i den yngre det 10., teiknet. A viser på norsk den mest opne av vokalane. Bokstaven A vert nytta i mange teikn- og forkortingssystem.