Malawi var britiskprotektorat med namnetNyasaland frå 1891. I 1953 blei Nyasaland med i einføderasjon medRhodesia (seinareZimbabwe ogZambia). Landet fekk fullt sjølvstyre i1963. Føderasjonen med Rhodesia vart oppløyst i desember 1963, og6. juli1964 blei Malawi ein sjølvstendig stat.
Malawi er eit av dei minst utvikla landa iAfrika økonomisk sett. Gjennomsnittsinntekta per innbyggjar er mellom dei aller lågaste i verda. Jordbruksprodukt utgjer heile 90 prosent av landets samla eksport.Tobakk er viktigast, og står for tre firedelar av Malawis samla valutainntekter.
Forholda iShiredalen ertropisk med høgetemperaturar året rundt og ein ubehageleg kombinasjon av varme og fukt i regntida.
Det høgareliggandeLilongwe har derimot eit meir behageleg klima og lågare temperaturar. I perioden november til februar kan derimot både temperaturen ogfukta bli så pass høg at ein kan få ubehagelege forhold. Over 1500 m er det ikkje uvanleg med frost i perioden frå april til august, og det kan òg vere kjølig på dagtid om det erskya vêr. Mykje avregnet som kjem i samband medden intertropiske konvergenssona kjem i form av kraftigetorebyer, men ein kan òg ha regnvêr som varer to til tre dagar.
Fjellområda sør og nord i Malawi er blant dei våtaste områda i denne delen av Afrika med ein årleg nedbørsnormal mellom 1500 og 2000 mm. Den kraftigaste nedbøren kjem derimot i mars eller april, noko som er uvanleg for denne delen av Afrika, men ein har som regel litt nedbør året rundt. Det meste av landet har ein årleg nedbørsnormal mellom 875 og 1250 mm.