| Ingvild Broch | |||
| Fødd | 1939 | ||
|---|---|---|---|
| Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Ingvild Broch (fødd i1939) er ein norsk akademikar som mellom anna har vorefyrsteamanuensis irussisk og forskningsdirektør vedUiT.
Broch flytte tilTromsø i 1972 då ho vart tilbode ei stilling ved universitetet.[1] Der har ho undervist i russisk i ei årrekkje. Ho har også forska pårussenorsk, og gjeve ut bøker ompigdinspråket saman medErnst Håkon Jahr. I 1994 vart ho tilsett som den fyrste forskningsdirektøren ved UiT, og sat i denne stillinga fram til 2004.[2]
Pomor-universitetet iArkhangelsk utnemnde Broch tilæresdoktor i 1996, og Det Nordlege Føderale Universitet i Arkhangelsk gav ho same utmerking i 2011.[2][3] I 1999 vart ho tildeltPusjkin-medaljen av Den internasjonale organisasjonen for russisklærarar.[4]
Broch er gift med matematikaren Ben Johnsen. Saman har dei skrive bokaSopp og sopp om soppens kulturhistorie, som kom ut i 1986.[5]
Grandonkelen hennar var språkforskarenOlaf Broch.