Hornindal kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Adm.senter | Grodås | ||
Areal | 192 km² | ||
• land | 179 km² | ||
• vatn | 13 km² | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Stig Olav Lødemel (H) | ||
Kommunenr. | 1444 | ||
![]() Hornindal 61°59′55″N6°35′03″E / 61.998611111111°N 6.5841666666667°E /61.998611111111; 6.5841666666667 | |||
Wikimedia Commons: Hornindal | |||
Nettstad: www.hornindal.kommune.no |
Hornindal er ein tidlegare norskkommune iSogn og Fjordane fylke som eksisterte frå 1867 til 1964 og frå 1977 til 2020. Området hadde om lag 1200 innbyggarar. Kommunesenteret varGrodås. I Hornindal ligg den djupaste innsjøen iEuropa,Hornindalsvatnet.
Frå 1837 varHornindalen del avformannskapsdistriktet for Eid.[1] Hornindal var ein sjølvstendig kommune frå 1867 til 1964, då han vart slått saman med Stryn.
I 1965 vart kommunen delt. Størstedelen vart slått saman medStryn kommune og ein annan del vart slått saman medEid kommune. I 1977 vart den delen som hadde vore del av Stryn, skilt ut att som eigen kommune. Då kommunen vart gjenoppretta, var han den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, men i 1979 passerte hanSolund kommune i folketal, og har sidan då vore den nest minste kommunen i fylket.
30. juni 2016 vedtok kommunestyret at det ønskte å slå seg saman medVolda kommune. Volda fatta eit tilsvarande vedtak, og det vart gjort eit endeleg vedtak av Kongen i statsråd hausten 2017. Hornindal og Volda kommune gjekk saman i nye Volda kommune frå 1. januar 2020, og Hornindal vart del av Møre og Romsdal.[2]