Movatterモバイル変換


[0]ホーム

URL:


Hopp til hovedinnholdet
Storenorskeleksikon
Dante-statuen på Piazza Santa Croce i Firenze. Av/Shutterstock.Avgrensa gjenbruk

Dante Alighieri

Artikkelen finst i enkel versjon iLille norske

Skriven av

Faktaboks

Dante Alighieri

Alighiero; døypt Durante di Alighiero degli Alighieri

Uttale

dante alighieri

Fødd
1265, Firenze, Italia
Død
14. september 1321, Ravenna, Italia
Levetidskommentar
fødd i mai eller juni 1265, døydde 13. eller 14.9.1321
Dante Alighieri i sitt arbeidsrom. Utsnitt av Luca Signorellis freske i domkyrkja i Orvieto.
Av.
Lisens: Avgrensa gjenbruk
Dante Alighieri. Portrettbyste frå 1500-talet. Museo Nazionale, Napoli.
Av.
Lisens: fri

Dante Alighieri. Illustrasjon tilDivina Commedia. Dante og hans reisefølgje Vergil lyttar til dei evig fortapte på vandringa gjennom Inferno.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Dante Alighieri var ein italiensk diktar. Han skreiv mellom annaDen guddommelege komedien, eit av dei viktigaste einskildverka i verdslitteraturen. Andre viktige arbeid er det første store diktverket hans, La Vita Nuova («Det nye livet»), ogDe Monarchia, eitkontroversielt,polemisk skrift som tok for seg forholdet mellomsekulær oggeistleg makt.

Bakgrunn

Livet i Firenze

Dante Alighieri var fødd iFirenze iItalia og døydde iRavenna. Dante voks opp i ein rimeleg velståande familie sentralt i Firenze, men vart foreldrelaus ein gong i tenåra. Ni år gamal trefte han Beatrice første gongen. Ho vart hans livslange, uoppfylte kjærleik. Som 11-åring vart han trulova med Gemma Donati, som han sidan gifta seg med, og som han fekk fleire born med. Ein veit elles lite om utdanninga hans, anna enn at han hadde stor appetitt på bøker og tidleg vart interessert ipoesi ogromersk litteratur.

Dante var trena i krigføring og kjempa i slaget ved Campaldino i 1289 mellomguelfarane ogghibellinarane, to familiar som kjempa om makta i området. Dei rådande guelfarane var delte i tofraksjonar, dei «svarte» og dei «kvite», og Dante høyrde til dei kvite. Rundt 1295 vart han involvert i det politiske livet i Firenze, der han steig i gradane. Høgdepunktet i den politiske karrieren hans var sumaren 1300, då han sat i øvsterådet i byen.

Tida i eksil

På denne tida blussa konflikten mellom dei kvite og dei svarte igjen opp i byen, og seks av fraksjonsleiarane vart bannlyste. Då denne avgjerda vart oppheva for dei kvite leiarane, vart paveBonifatius 8. provosert, sidan han støtta dei svarte. I 1301 gav han ein fransk hær løyve til å gå inn i Italia. Eindelegasjon, der Dante var med, vart send tilRoma for å overtale paven til å snu. Medan Dante vart halden att i Roma, gjekk hæren og dei svarte guelfarane inn i Firenze, og Dante vart bannlyst og sidan dømd til dødenin absentia.

Dei siste nitten åra sine levde Dante ieksil. Dei første ti åra reiste han mykje i kring og budde mellom anna iForlì,Arezzo,Padua,Venezia ogLucca, før han slo seg ned iVerona i 1312, og endeleg iRavenna i 1319, der han døydde to år seinare.

Forfattarskapen

18 år gamal skreiv han dei førstesonettane, som han sende rundt til dei framståande diktarane i byen. Slik vart han kjend medGuido Cavalcanti, som òg vart ein poetiskmentor for han. I diktsamlingaLa Vita Nuova, samla rundt 1293, fortel Dante i dikt ogprosa historia om denidealiserte kjærleiken til Beatrice, som hadde døydd i 1290, berre 24 år gamal.

Det første viktige eksilverket hans varDe vulgari eloquentia («Om talekunst på folkemålet»), som vart eit avgjerande verk for å etablere den folkelegeitaliensken som eit fullverdig alternativ tillatin. Her argumenterte han for ein idealisert italiensk høgstil, noko han i praksis går bort frå iDivina Commedia, som har ein svært brei og variert språkbruk. Sidan skreiv han denkontroversielleDe Monarchia, der han hevda at keisaren ikkje trong støtte frå paven, men fekk makta si direkte frå Gud. Verket vart forbode avVatikanet, eit forbod som stod ved lag heilt fram til 1900-talet.

Den guddommelege komedien

Det sentrale verket i forfattarskapen til Dante erDivina CommediaDen guddommelege komedien»), som han arbeidde på frå om lag 1308 til rett før han døydde i 1321. Dei tre delane,Helvete,Skiringsheimen ogParadiset vart utgitt kvar for seg medan han levde og samla til eitt verk av sonen hans rett etter at Dante var død. Det uttrykksfulle språket, den imponerande poetiske forma og den fascinerande koplinga mellomteologi, historie og personlege forhold har sikra verket ein heilt sentral plass i litteraturhistoria.

Dante sitt hovudverk omfattar tre bøker på til saman 14 233 linjer. Det er skrive itersinar («terza rima» på italiensk), ei verseform han sjølv skapte, med 11 stavingar på kvar linje, samanhengande grupper på tre og tre linjer, der den andre linja i éi gruppe rimar på første og tredje i den neste.

Handlinga i diktet følgjer Dante på ei vandring gjennom etterlivet, først blir han leidd av den romerske poetenVergil gjennom helvetet og skjærselden, så av ungdomskjærleiken Beatrice, frå det jordiske paradiset heilt opp til visjonen av Gud i Paradis. På vegen skildrar han levande og detaljert dei avlidne han møter, og særleg skildringane frå helvetet har hatt enorm innverknad på seinare litteratur.

Språket i bøkene er eit fritt og variert toscansk språk, med innslag av ulike andredialektar. I Italia var diktet så dominerande i tida etter Dante sin død at språkforma hans vart etablert som standardforma for italiensk skriftspråk. Dette gjer at omlag 80 prosent avDivina Commedia er forståeleg for italiensktalande i dag.

Dante på norsk

Det finst tre norskeomsetjingar avDen guddommelege komedien, ei i utdrag avHenrik Rytter ogSigmund Skard på nynorsk frå 1965 og ei fullstendig omsetjing avMagnus Ulleland på nynorsk frå 1993–1996. Ei ny omsetjing på bokmål av Erik Ringen er undervegs;Helvete(2017) ogSkiringsheimen (2023) er gjeve ut så langt.

Fleire norske forfattarar har òg late seg inspirere direkte av Dante, mellom annaGunnhild Øyehaug, som i slutten avVente, blinke (2008) avslører at ei av «dei som har fortalt og vist veg», eigentleg er Dantes Beatrice. Hilde Lindset kalla den andre boka siHelvetesporten, etterRodin sin skulptur, basert påDivina Commedia.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Dante Alighieri:The Divine Comedy, omsett til engelsk av Clive James. London 2013
  • Nick Havely:Dante. Oxford 2007
  • Rachel Jacoff (red.):The Cambridge Companion to Dante. Cambridge 2007
  • Prue Shaw:Reading Dante. From Here to Eternity. New York / London 2014
  • Bergin, Thomas G.:An approach to Dante, 1965
  • Eriksen, Trond Berg:Reisen gjennom helvete: DantesInferno, 1993 (bibliografi: 445-52)
  • Freccero, John:Dante : the poetics of conversion, 1986
  • Hollander, Robert:Dante: a life in works, 2001
  • Jacoff, Rachel, red.:The Cambridge companion to Dante, 1993
  • Kaatmann, Christian & Ole Meyer, red.:Perspektiv på Dante: rapport fra Nordisk Dantenetværks seminar nr. 1 [...], 2001
  • Klem, Lone:Eksistens og form, 1982 (kap. 1)
  • Lagercrantz, Olof:Fra helvetet til paradiset: en bok om Dante og hans komedie, 2. utg., 1999
  • Lansing, Richard, red.:Dante: the critical complex, 2003, 8 b.
  • Tigerstedt, E.N.:Dante: tiden, mannen, verket, 1967
  • Vestens store tenkere, 2002
Skriven av:
Artikkelen inneheld tekst frå:
Sist oppdatert:
,sjå alle endringar
VILKÅR FOR GJENBRUK:
avgrensa gjenbruk
Vil du sitere denne artikkelen? Kopier denne teksten og lim han inn i litteraturlista di: Fretland, Jostein Avdem:Dante Alighieri iStore norske leksikon på snl.no. Henta frå https://snl.no/Dante_Alighieri

Bidra

Kommentarar (3)

skreivOle Meyer

Det bør helst fremgå at "Beatrice" ikke nødvendigvis refererer til en virkelig person, men måske snarere er litterær-spirituel fiktion. Det er i hvert fald ikke korrekt blot at anføre hendes eksistens som faktum.

Med hensyn til oversættelser: Erik Ringens Helvete og Purgatorium bør vel nævnes (og han er i gang med Paradiset)

svarteSelma Evenstad

Hei Ole, vi mangler dessverre fagansvarlig for denne artikkelen og kategorien Italias litteratur på 1300-tallet. Artikkelen vil eventuelt bli oppdatert når en fagperson kan se på den. I mellomtiden kan jeg føre opp Ringens oversettelser under overskriften 'Dante på norsk'. Takk for ditt bidrag! Mvh Selma i redaksjonen.

skreivOle Meyer

Jeg kan konstatere at Erik Ringen er kommet med – men hans oversættelse er p.t. (2025) ikke komplet: der er kun udkommer Inferno og Purgatorium, i hhv. 2017 og 2023. Paradiset mangler endnu.

Og jeg skal minde om at “Beatrice”s faktiske eksistens er omstridt.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

Vi manglar fagansvarleg forItalias litteratur på 1300-tallet

Vil du bli fagansvarleg? Ta kontakt

[8]ページ先頭

©2009-2026 Movatter.jp