
Aasta Hansteen
Faktaboks
opprinneleg Asta Hansteen
- Fødd
- 10. desember 1824, Oslo (Christiania)
- Død
- 13. april 1908, Oslo
- Verke
- Målar og kvinnesakskvinne
- Familie
Foreldre: Fysikar og astronomChristopher Hansteen (1784–1873) og Johanne («Hanne») Cathrine Andrea Borch (1787–1840).
Ugift.
Brordotter avConradine Dunker (1780–1866); tante (fars søster) tilKristofer Hansteen (1865–1906) og Edvard Heiberg Hansteen (1867–1949); grandtante (farfars søster) tilViggo Hansteen (1900–1941).

Aasta Hansteen var kunstmålar,forfattar, målkvinne ogkvinnesakspioner.
Aasta Hansteen var ein norsk kunstmålar,forfattar ogkvinnesakspioner. Ho var den første kvinna i Noreg med utdanning som profesjonell kunstmålar, og ei av dei første kvinnene frå sitt samfunnslag som fekk ei formell fagleg utdanning og eit yrke.
Hansteen var svært oppteken avkvinnesaka ogmålsaka, og publiserte ei rekkje artiklar og bøker der ho fremja sitt syn. Ho er kjend som den første kvinna som heldtoffentlege foredrag i Noreg. Den frimodige åtferda hennar gjekk over grensene for det som var akseptert for kvinner i dåtidas Noreg, og ho vart møtt med motstand og latterleggjering. For den seinarekvinnerørsla vart ho ei viktig inspirasjonskjelde.
Barndom

Aasta Hansteen blei fødd iChristiania som nest yngst i ein barneflokk på seks. Ho vart døyptAsta, men fornorska namnet tilAasta som vaksen. Hansteen var fødd inn i ei av dei fremste danskeembetsslektene i Noreg (sjåHansteen), og familien tilhøyrde den kulturelle ogintellektuelle eliten i hovudstaden. Faren varChristopher Hansteen,professor iastronomi oganvendt matematikk vedUniversitetet i Oslo.
Aasta omtalte sjelden mora, Johanne Cathrine Andrea Borch (1787–1840), som ho mista som 16-åring. Likevel ser det ut til å ha vore eit visst intellektuelt slektskap mellom dei to. Ho hadde òg et nært forhold til dei tre søstrene sine. Men først og frmest var ho knytta til faren. Ikkje berre var ho svært lik han av utsjånad, liten og spenstig, men ho hadde òg arva hans «vældige aandelige energi» og rettferdssans. Ho hadde òg eit kvinneleg førebilete i tantaConradine Dunker, som var aktiv i kulturlivet og dreiv skule etter at ho blei enkje i 1844.
Frå 1833 budde familien iUniversitetsobservatoriet rett utanforChristiania, som var spesielt innreid for faren. Heimen var gjestfri og frisinna, ein møtestad for kunstnarar og forskarar frå inn- og utland. Mykje tyder på at Aasta Hansteen ikkje fann seg til rette i detdanna og kulturelle miljøet, derintelligenspartiets estetiske og nasjonale syn dominerte. Sjølv satte ho heile livet sittHenrik Wergeland høgast av alle norske diktarar. Hos han fann ho kanskje den same rastløse ånd som hos seg sjølv.Johan Sebastian Welhaven, som var ein flittig gjest og venn av familien, hadde ho derimot lite til overs for.
Kunstnaren Hansteen

Aasta Hansteen sitt portrett av faren Christopher.
Allereie som barn viste Hansteen talent innanfor teikne- og målarkunst. Velvilje og støtte frå faren var ei forutsetning for at ho som den første kvinna i Noreg kunne utdanne seg til profesjonell biletkunstnar. Hansteen var ei av de første kvinnene frå sitt samfunnslag som fekk ei fagleg utdanning og eit yrke. At ho valde nettopp målarkunsten, kan ha fleire årsakar.Kunst, særleg målarkunst, var eit av dei få yrka som kunne aksepterast for overklassekvinner.
Frå 1843 studerte ho under den kjende portrettmålarenJohan Gørbitz, og året etter måla ho sitt første bilete, eit sjølvportrett. Hausten 1844 reiste ho tilKøbenhavn. Der vart ho elev hos den seinare professoren vedKunstakademiet,Jørgen Roed. Seinare studerte ho òg iDüsseldorf ogParis.
Blant Hansteen sine tidlege arbeid finn ein mellom anna portrettet av KarolineEwald (1846). I dette og i fleire seinare kvinneportrett finn ein mange likhetstrekk mellom modellen og kunstnaren. Desse tidlege måleria fekk inga god mottaking i Christiania. Hansteen la vekt på det særeigne uttrykket til modellane framfor åidealisere, noko som braut med portrettmåleria til samtida. Det snevre og lite rause miljøet var lite stimulerande for Hansteen, og i 1849 reiste ho til Düsseldorf for å halde fram med studia. Der arbeidde ho med store figurkomposisjonar, både med motiv frå norsk folkeliv og motiv med meir europeisk tilsnitt.
I åra 1852–1855 gjorde Hansteen lukke som portrettmålar i Christiania. I 1853 måla ho biletet av faren, som er det verket ho er best kjent for i dag. Eit høgdepunkt var då ho som einaste kvinne vart teken ut til å representere Noreg påverdsutstillinga i Paris i 1855. Her deltok ho med fire målerier, mellom anna portrettet av faren og eit dobbeltportrett av døtrene til fetteren,Bernhard Dunker. Under eit opphald i Paris i 1855–1856 arbeidde ho med to større bibelske komposisjonar, der ein,Moses støttet av Aron og Hur (1856), vart fullførd. Etter ei tid med sjukdom vendte ho i 1860 tilbake til Paris og måla nok eit bibelsk motiv,Jael og Sisera. Ho representerte fleire gonger Noreg ved utstillingar i utlandet.
Frå starten tok Hansteen kunstnarkarriera si på alvor. Så lenge ho heldt seg til det som var sett på som passande for ein kvinneleg kunstnar, nemleg portrettmåleriet, vart ho møtt med velvilje og oppmuntring. Mensjangerbileta og dei bibelske bileta vart møtt med uforstand og skepsis, og ho innså sjølv at ho ikkje hadde krefter til å gjennomføre ambisjonane sine. I åra som følde overtok andre interesser –målsak ogkvinnesak. Under opphaldet i USA i 1880-åra tok ho opp igjen målargjerninga, men då for å tjene til livets opphald. Etter heimkomsten til Noreg i 1889 slutta ho å måle.
Dei fleste av måleria til Hansteen er gått til grunne, men portrettet av faren heng iNasjonalgalleriet.
Målsak

Hansteen støtta den nasjonale rørsla ogmålsaka.Landsmålet representerte både ein kamp for nasjonal frigjering og ein kamp mot den einsidige bykulturen. At ei embetsmannsdotter frå Christiania skulle stå fram som ein av Noregs første brukarar av landsmål, var kanskje enda meir uvanleg enn det å verte profesjonell målar.
Hansteen vart tidleg gripen av den nasjonale rørsla ogmålsaka.Landsmålet representerte for henne både ein kamp for nasjonal frigjering og ein kamp mot den einsidige bykulturen. Hansteen var døypt Asta, men rundt 1860 gjekk ho over til å skrive Aasta, då ho tykte det var meir norsk. Ho likte ikkje den danskprega kulturen i hovudstaden, og brukte difor namnetOslo i staden for det danskklingande namnetChristiania.
Arbeidet tilIvar Aasen hadde sett spor hjå Hansteen, og ho var òg ein flittig gjest hjå Aasen. Eit opphald iTelemark i 1852 ga djupare innsikt i en ekte, nasjonal kultur, ikkje minst språkleg.
Hennar første offentlege ytring om målsaka kom anonymt i 1862 i form av ei bok med tittelenSkrift og Umskrift i Landsmaalet. Boka inneheldt for det meste oversetjingar til landsmål av norske forfattarar. Eit par eignepolemiske dikt danna ramma om oversetjinga, og i ei «kjøkemeistertale» la ho fram sitt syn på målsaka. Hansteen vart dermed den fyrste kvinna som gav ut ei bok på landsmål. Til då hadde det berre kome ut nokre få bøker på landsmål: Fire bøker av Aasen på dialekt og landsmål/dansk, ei diktsamling av Bernhardine Catharine Brun, den første boka tilAasmund Olavsson Vinje, ei sogebok avEirik Sommer og ei reiseskildring av Axel Arbo.
I 1850- og 1860-åra publiserte Hansteen òg fleire dikt på landsmål, mellom anna i aviseneDølen ogFerdamannen. Ho kom òg med eit framlegg om ei lesebok på landsmål i 1867, men tida var ikkje mogen for denne, og prosjektet stranda på økonomien. Målsaka måtte sidan vike for andre interesser, men mot slutten av livet ga ho ein bunke uutgjevne dikt tilSyn og Segn, som trykte dei i 1908.
At ei embetsmannsdotter frå Christiania skulle stå fram som ein av Noregs første brukarar av landsmål, var kanskje enda meir uvanleg enn det å verte profesjonell målar. For Hansteen var landsmålet ei form for opprøyr. Ikkje berre var det ein kamp for politisk og nasjonal frigjering, men òg ein kamp mot den einsidige bykulturen. Utover i 1860-åra fortsatte ho å skrive landsmålsdikt. Ein del av desse vart trykt iDølen og iFerdamannen. Det personlege preget vart etter kvart sterkare. Sjølv om dikta ikkje er storlyrikk, fortel dei mykje om Hansteen som menneske: eit vekslande sinn med sterke kjensler, glede over naturen og det vakre, og ein stor sans forhumor. Etter landsmålsperioden skreiv ho dikt påriksmål, men få av desse er publiserte.
Kvinnesak

Frå 1870 via Hansteen livet sitt tilkvinnesaka. Glødande og energisk gjekk ho til verks, men deteksentriske vesenet og den kompromisslause veremåten skaffa ho mange fiendar.
John Stuart Mill si bokThe Subjection of Women (1869, dansk utgåve avGeorg Brandes same år:Kvindernes Underkuelse) fekk stor betydning for Hansteen. Boka vart oversatt til dansk i 1870 avGeorg Brandes, og fekk avgjerande innverknad på den framvoksandekvinnerørsla. Hansteen sjølv helsa Mill som «Befrieren», den «høihjertede og herlige Tænker». Same år rykka ho ut med fire store artiklar iDagbladet til støtte for Mill, dei første av ei lang rekke avisinnlegg,pamflettar ogpolemiske skrifter.
I februar 1871 skreiv ho, for første gong under fullt namn, artikkelen «Kvindens stilling i Verda». Dette var eit oppgjer med den alminnelege kristelege oppfatninga om at den underordna stillinga for kvinna var ein del av Guds skaparplan. Også kvinna var skapt i Guds bilete som eit fullt og heilt menneske og med ein likeverdig natur, hevda ho.
Dei same tankane tok ho opp i den første boka si om kvinnespørsmålet, som Hansteen òg rekna som hovudverket sitt,Kvinden skabt i Guds billede. Boka vart gjeve ut i 1878, men var skriven tidlegare – ei bok som kom til å stå sentralt i hennar livslange kamp mot kyrkjas kvinnesyn. I boka gjekk ho hardt ut mot «hankjønnstyranniet», som ho hevda vart styrt av kyrkja. Ho argumenterte for at dersom kvinna var skapt i Guds bilete på linje med mannen, burde ho òg ha dei same rettane. Hansteen sine påstandar førte til ein hard strid medteologane, og resulterte til slutt i at ho melde seg ut avstatskyrkja.
Hansteen heldt ei rekkje foredrag i Christiania, København ogStockholm. Foredragsturneen i framkant av bokutgjevinga i 1878 skapte mange diskusjonar, sidan ho som kvinne skulle tale offentleg. Inga kvinne hadde gjort noko slikt i Noreg før, og ho vart skyteskive for ironi og hån fråborgarskapet. Hansteens sterkesjølvmedvit, saman med ei til tider manglande sans for sjølvkritikk, var kanskje bakgrunnen for at ho våga å stå offentleg fram med sitt sinne og glødande engasjement.
Hansteen utfordra og overskreid òg grensene for kva ei kvinne kunne tillate seg i Noreg mot slutten av 1800-talet i ein eigen levemåte. Ho frekventerte kafear, og levde eit sosialt liv som vart rekna som usømmeleg og umoralsk for kvinner.
Det var ikkje berre foredraga som gjorde Hansteen til ei tillatt skyteskive. I 1875 tok ho offentleg i forsvar ei svenskbaronesse som hadde skrive ei skulding mot ein norsk student fordi han forlét henne då ho skulle føde barnet hans. Kvinna forlangte at studenten enten skulle gifte seg med henne eller utvisast frå universitetet (tilsvarande det som vanlegvis skjedde med ugifte kvinner som fekk barn – dei vart ofte tvinga til å gifte seg, og risikerte å miste jobben). Hansteen skreivbrosjyrar og opne brev, og danna ei kvinnegruppe som offentleggjorde namnet til studenten. Til trass for det sterkt personlege utgangspunktet, var dette i røynda den første kampen for prinsippet om samemoral for menn og kvinner.
Hansteens engasjement var fullstendig sosialt uakseptabelt. Både på grunn av denne skandalen og engasjementet sitt i kvinnesaka vart ho offer for spott og latter, og fekk eit rykte som vanskeleg. Grunnlaget vart lagt for «tante Ulrikke-myten»: deneksentriske, halvgale og mannevonde kvinnesakskvinna med ridepisk og paraply. Det var vanskelege år. «Hvor jeg vendte mig hen, var det som om jeg mødte et spyd imot mig,» sa ho seinare. Ho forlot Noreg og drog tilAmerika – til «frihedens land» – våren 1880.
Tida i Amerika
Hansteen budde iUSA i ni år. Der livnærte ho seg som målar og skaffamyndlingen Theodora Nielsen songundervisning. Dei slo seg ned iBoston, der ho deltok i den amerikanske kvinnerørsla, skreiv artiklar og heldt foredrag.
Frå Amerika skreiv ho brev tilHenrik Ibsen om at ho hadde sett seg føre å velte steinen frå den grava der kvinna som menneske og ånd var gravlagd, men at ho hadde forløfta seg, for steinen såg ut til å liggje støtt som eit fjell.
Medan Hansteen var i Boston, kom ho i kontakt med eit feministisk miljø som skulle setje preg på dei seinare arbeida hennar. Inspirert avkvekarane ogChristian Science-rørsla vidareutvikla ho den feministiske teorien sin. Ho sende fleire artiklar heim til Noreg der hoagiterte for si overtyding.
Opphaldet gav Hansteen nye impulsar på ei rekke områder. Sjølv om ho opplevde skuffelsar og økonomiske problem, gjekk ho aldri vekk frå synet sitt på Amerika som «det første sted paa jorden for kvinder».
Tilbake til Noreg

Aasta Hansteen heldt fram med å halde foredrag og skrivekronikkar heilt fram til sin død i 1908.
I mellomtida hadde kvinnesaka framgang i Noreg, og i 1887 startaNorsk Kvindesagsforening tidsskriftetNylænde, medGina Krog som bladstyrar. Hansteen skriv sjølv at «Jeg maatte ile hjem, da jeg skjønte at et nyt lys var tændt i gamle Norge». I 1889 returnerte Hansteen til eit Noreg som var politisk og kulturelt endra i hennar fråvær. Ho vart motteken av den «nye» kvinnerørsla som ein avpionerane til kvinnesaka.
Ho skreiv framleis flittig omteologi,spiritisme og samfunnsspørsmål, i tillegg til at ho tok opp att målsaka. Gløden og kompromissløysa hennar har sidan gjort ho til eit førebilete for mange. I 1897 gav ho ut bokaKristi kirke i det nittende aarhundrede, som var ei forlenging avKvinden skabt i Guds billede. På 80-årsdagen sin i 1904 vart ho utnemnd som æresmedlem i Norsk Kvinnesaksforening.
Hansteen heldt fram med å halde foredrag og skrivekronikkar heilt fram til sin død i 1908. Hun skreiv om alt fråteologi, litteratur ogmålsak til politikk,arbeidarspørsmål ogsosialisme. Men først og sist var detkvinnesaka som opptok henne. Ho så seg sjølv som ein profet, som hadde i oppgåve å reise den kvinnelege ånda på jorda og heve den til sin rette plass. Ho var ingen nøytral akademisk tenkar, men skreiv med same lidenskap og engasjement som ho levde med.
Ettermæle
Hansteen sine idear blir gjerne rekna som vanskelege å plassere både ikulturhistoria og i denfeministiskekonteksten. Meir enn dei teoretiske bidraga hennar har den særeigne personlegdommen hennar, med mot og vilje til å gå eigne vegar og ikkje bøye av for forventningane samfunnet har til kvinna, vore det som har gjort henne til eitt av dei store førebileta innan kvinnerørsla. Ho framstod som den nye kvinna, sterk og kjempande. Ho gjorde og sa ting andre kanskje kunne tenke seg å gjere, men ikkje torde. Hansteen sin originalitet gjorde henne mellom anna til modell for Lona Hessel iHenrik IbsensSamfundets støtter og forGunnar HeibergsTante Ulrikke.
Hansteen vart gravlagd påVår Frelsers gravlund i Oslo. I 1910 vart det reist ei byste av henne på grava, hogge avGustav Vigeland. Det er også reist ei bronsestatue av Hansteen påAker Brygge i Oslo, utført avNina Sundbye, avNorsk kulturråd og Oslo kvinnesaksforening. Hansteen har òg fått Aasta Hansteens vei påStovner i Oslo kalla opp etter seg, samtgassfeltetAasta Hansteen i Norskehavet.
Utgjevingar
Trykt materiale (eit utval)
- Skrift og Umskrift i Landsmaalet, 1862
- Kvindens stilling i Verden, iNordisk Maanedsskrift for folkelig og kristelig Oplysning 1871, s. 231–237
- Kvinden skabt i Guds Billede, 1878
- Kristi kirke i det nittende aarhundrede, 1897
- Dikt i (Ivar Aasens) landsmaal. 1862–67, iSyn og Segn 1908
- Tyve aars kamp. Tilbageblik og fremsyn, redigert av E. Aasen, 1985
Upublisert materiale
- Etterlatte brev, dagbøker, manuskript med meir iRiksarkivet ogNasjonalbiblioteket
- dagbøker 1874–1875 i Arbejderbevægelsens Bibliotek og Arkiv, København
- materiale i Stortingsarkivet, i Jarlsbergs arkiv og i Universitetssekretariatets arkiv
Målerier
- Portrett av Karoline Ewald, 1846, privat eige
- Pilgrimer ved brønnen, 1851
- Portrett avChristian H. Schweigaard, 1852, Berg-Kragerø Museum
- Portrett avprofessor Hansteen, 1853,Nasjonalgalleriet
- Sofie og Mathilde Dunker, 1855, privat eige
- J. S. Welhaven, 1855, Nasjonalgalleriet
- Anton Martin Schweigaard, 1855, Nasjonalgalleriet
- Camilla Collett, 1855, Nasjonalgalleriet
- En ung arbeider, 1855–57, privat eige
- Grubleren, 1856,Norsk folkemuseum
- Moses støttet av Aron og Hur, 1856, Vesterheim Norwegian-American Museum,Decorah, Iowa, USA
- Laura Gundersen, 1867, Nasjonalgalleriet
- Theodora Nielsen, 1881, Nasjonalgalleriet
Avbildningar
- Sjølvportrett (maleri), 1844; privat eige
- Sjølvportrett (tegning), 1869; ukjent sted
- Maleri avOda Krohg, 1903;Nasjonalgalleriet
- Maleri avMarie Hauge, 1903; Drammens Museum
- Portrettbyste og statuett avGustav Vigeland, 1903;Vigeland-museet
- Karikaturtegninger avOlaf Gulbransson, 1899, 1903
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Agerholt, Anna Caspari:Den norske kvinnebevegelses historie, Oslo 1937
- Aure, Anton:Kvinnor i den nynorske bokheimen : stutte livsskildringar. Nikolai Olsens Prenteverk 1916
- Hansteen, F.: «Åsta Hansteen privat», iNorske Kvinners Nasjonalråd 1904–1954, 1957, s. 35–41
- Jensen, Lill-Ann: biografi iNorsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
- Lein, Bente Nilsen: «Aasta Hansteen som feministisk teologisk tenker», iKirke og Kultur 1980, s. 202–215
- Lein, Bente Nilsen;Monsen, Nina Karin med fleire:Furier er også kvinner. Aasta Hansteen 1824–1908, 1984
- Lervik, Å. H.: «De offentlige kvinnestemmers pionertid», i E. Beyer:Norges litteraturhistorie, bind 1, 1991, s. 480–490
- Løchen, O.: «Aasta Hansteen», iMarie Høeg ogFredrikke Mørck:Norske kvinder, bind 1, 1914, s. 35–44
- Moe, K.: biografi iNorsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5, 1931
- Monsen, Nina Karin: «Kvinnesakens profet», i Ottar Grepstad og Jostein Nerbøvik (red.):Venstres hundre år, 1984, s. 62–73
- Wichstrøm, Anne:Kvinner ved staffeliet, 1983
- Wichstrøm, Anne: biografi iNorsk kunstnerleksikon, bind 2, 1983
Faktaboks
- KulturNav-ID
- 04364e09-1f47-42d7-885f-2805627d6a29
- Historisk befolkingsregister-ID
- pf01037045015624
- Skriven av:
- Artikkelen inneheld tekst frå:
- Sist oppdatert:
- ,sjå alle endringar
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.
Fagansvarleg forKvinnebevegelsen i Norge
